KURS: Tóve Skolseg og Eirik Bruvik held nybyrjarkurs i spinning. Her får Jorunn Østby hjelp av spinninginstruktør Skolseg. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix / NPK.
KURS: Tóve Skolseg og Eirik Bruvik held nybyrjarkurs i spinning. Her får Jorunn Østby hjelp av spinninginstruktør Skolseg. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix / NPK.

Spinn nye tradisjonar

Enkelte tek interessa for strikking og veving eit hakk vidare, og lagar garnet med eigne hender.

Indre Sogn: – Alt byrjar med ein tråd. Det er noko med å lære eit handverk heilt frå starten, seier spinnedebutant Kjersti Fosskaug.

– Det er morosamt å kunne lage eige garn til å spinne og veve med, samstemmer Kirsten Falkung. Dei to er med på nybyrjarkurset til Spinnvilt i spinning, og allereie ein time inn i fyrste kurskveld er alle dei fire deltakarane godt i gang med kvar sin rokk.

– Moderne rokkar er enklare å spinne på enn dei gamle, slik at ein raskt får det til, seier Eirik Bruvik, som saman med Tóve Skolseg held kurs og sel spinneutstyr gjennom familiebedrifta Spinnvilt. Dei to arbeider også som tekstilkunstnarar.

– Spinning har lange tradisjonar, men for å halde ein tradisjon levande må ein utvikle han vidare. For oss er spinning eit relevant handverk også i dag, ikkje berre ein museumsaktivitet, seier Bruvik.

Artikkelen held fram under biletet.

SOSIALT: Mange gjer som på nybyrjarkurset hos Spinnvilt: Samlar seg i ein ring med kvar sin rokk.
SOSIALT: Mange gjer som på nybyrjarkurset hos Spinnvilt: Samlar seg i ein ring med kvar sin rokk.

– Med garn kan du strikke, veve og brodere, og lagar du garnet sjølv, kan du kombinere ulike fargar, fiber og teknikkar for å få akkurat det garnet du ønskjer, forklarer han.

Ullen kunnskap

Deltakarane denne kvelden er ikkje dei einaste som har fått interesse for spinning.

– Vi ser at det dukkar opp fleire arrangement og nye miljø knytt til spinning. Det er ei fornya interesse for fleire gamle handverk, fortel leiar for prosjektet til Norges Husflidslag Ullialt, Sølvi Westvang.

Prosjektet Ullialt starta i fjor og varer fram til 2018, og har som mål å auke kunnskapen om norsk ull.

– Mange er ikkje klar over at det meste av garnet som blir seld i Noreg, blir produsert i utlandet og er laga av utanlandsk ull. Ei av målsetjingane til prosjektet er å bidra til betre merking av den norske ulla, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

SJØLVSPUNNEN: Tóve Skolseg viser fram eitt av garna ho har spunne. Garnet er nesten eit plagg i seg sjølv.
SJØLVSPUNNEN: Tóve Skolseg viser fram eitt av garna ho har spunne. Garnet er nesten eit plagg i seg sjølv.

For eit husflidslag er også kunnskapen om prosessen frå ull til garn viktig.

– I samband med prosjektet vil det i lokallaga vere ekstra søkjelys på opplæring i spinning, både på handtein og rokk, fortel ho.

Handtein er den eldste reiskapen for å spinne tråd som ein kjenner til, og er sett saman av ein kort trepinne med spinnehjul. Rokken kom fyrst på 1500-talet, og dukkar altså framleis opp i nye og moderne variantar.

Den nye rokken

Bruvik fortel at spinning er ein trend mellom anna i USA.

– I USA har ein til liks med Noreg hatt ei strikkebølgje, som har utvikla seg til ei spinnebølgje, seier han.

– Set du deg ned med ein handtein i utlandet, får du raskt mange vener, kommenterer Skolseg.

Artikkelen held fram under biletet.

KARDING: I dag får ein kjøpt ferdig karda ull, men ein del kardar likevel sjølv.
KARDING: I dag får ein kjøpt ferdig karda ull, men ein del kardar likevel sjølv.

Strikkarane er førebels langt fleire enn spinnarane her i Noreg, men Bruvik fortel at dei har kursdeltakarar av begge kjønn og i alle aldrar, og at det stadig dukkar opp «rockeklubbar» og «spinneringar» rundt om i landet.

– Spinning kan vere morosamt og sosialt når du gjer det saman med andre, samtidig som mange synest det er avslappande og meditativt å halde på åleine, seier han.

I kurslokalet denne kvelden er derimot stemninga prega av taus konsentrasjon.

– Uff, sjå på det her, då seier Kirsten Falkung, og viser fram ein tråd som kveiler og klumpar seg. Også hos dei andre deltakarane er tråden alt anna enn snorrett. Kurslærar Skolseg har derimot berre oppmuntrande ord.

– Det blir veldig mykje liv i garnet når det er ujamt. Det aller første garnet kan absolutt bli brukt – det kan bli eit nydeleg skjerf eller framsida av ei pute, tipsar ho.

Til toppen