BORGJINDENE HAR SLÅTT SEG PÅ SPINNING: Etter at Linda Uglenes Maristuen sparka i gong trimsykkel-tilbod på Borgund i vinter, har folket i grenda funne ein god måte å trimma på kvar måndag.
BORGJINDENE HAR SLÅTT SEG PÅ SPINNING: Etter at Linda Uglenes Maristuen sparka i gong trimsykkel-tilbod på Borgund i vinter, har folket i grenda funne ein god måte å trimma på kvar måndag.

Spinninginstruktøren tek deltakarane med seg på musikalske turar i heimgrenda

Korkje ho eller dei andre som stabla tiltaket på beina hadde trudd at tiltaket skulle verta ein so stor suksess. No vurderer Borgund utvikling å kjøpa litt fleire syklar, brukt.

Borgund: – Det tek tre songar før me når ein fjelltopp. Når me har kome til topps og skal nedover att kjem det ein song som går raskare, forklarar Linda Uglenes Maristuen, som står bak tidenes spinningrevolusjon på Borgund. 

Kvar måndag møter borgjindene opp på spinningtimane som ho har arrangert sidan jul. So populært er tiltaket at ho har måtte laga i stand to spinningtimar kvar måndags kveld i staden for ein.

Ho har fyrst ein time frå klokka seks til sju, og so kjem det 10 nye sykkelryttarar og spinn vidare fram til klokka er åtte om kvelden. Men det er endå fleire enn dei 20 som syklar kvar måndag som kunne tenkt seg det, det plar vera kø. Denne måndagen var det tre i køen som ikkje fekk plass. 

EIT LITE KNIPPE AV DEI NYE SPINNINGENTUSIASTANE DENNE MÅNDAGEN: F.v. John Bøthun Liøen, Andrea Nesse Walla, Hanne Ødegård og Arne Johansen.

– Det einaste unnataket var då mange var utslegne av sjukdom litt tidlegare i vinter, då hende det at det var ein sykkel til overs. Men elles so har det vore kø og venteliste, seier Maristuen. 

Ho synest det er litt leitt at ikkje det er plass til alle. Borgund utvikling lurar no på om dei ikkje må få kjøpt fleire trimsyklar, dersom dei kan finna noko billig på bruktmarknaden. 

Løyndomen med spinning

Løyndomen med spinning er at deltakarane trør i takt med musikken, og vert lokka med av songane til å yta meir. Og so tenkjer dei seg at dei er ute i bygda og syklar, sjølv om sykkelen på rett står heilt i ro på eit gymgolv i Borgund. 

Fyrst er det to songar til oppvarming som får syklistane i godt lune, og so er det å gyva laus på dei songane som tek dei gjennom eit tenkt landskap i Lærdal. 

MUSIKALSK SYKKELTUR: Her er løypekartet som syklistane har fylgt i januar og februar i spinninga på Borgund. No har instruktør Linda Uglenes Maristuen kome med eit nytt løypekart for mars. Der startar turen på Borgund og over 400 meter oppover til Maristuen, der instruktøren sjølv bur. 

Maristuen lagar nemleg løypekart gjennom eit variert terreng og reknar seg fram til kva for songar ho kan nytta for å få syklistane opp dei forskjellige bakkane.

Det skal vera eitt rytmeslag for kvar gong det vert trøtt eit steg. Dermed må ho tella opp rytmeslaga i songane og måla opp mot distansen i bakkane. 

Etter kvart som deltakarane lærer seg ruta vert det lettare
Annankvar månad lagar instruktør Maristuen i stand ei ny løype, slik at det vert åtte månadagar på rad med den same løypa. 

– Fyrste gongen me syklar gjennom programmet er det forferdeleg tungt. Men so alt den tredje gongen vert det betre. Når me kjenner songane og har røynt kor tunge bakkane er, og hugsar att løypa frå førre gongen, vert det lettare forklarar instruktøren. 

PASSAR FOR FOLK I ALLE ALDRAR: Aktiviteten er populær både blant dei yngste og dei godt opp i åra. Her ein representant frå den yngre garden som går på spinninga: Ingrid Nesse Gram

Til kvart program leitar ho fram femten songar frå Spotify, som til saman utgjer ein spinningtime.

Deltakarane kan også koma med ynskjemål til songar, som Maristuen tek med i programmet dersom dei høver inn i terrenget som ho har teikna opp. 

Kvar einskilde song må passa til det landskapet i Borgund som ho har teikna opp på kartet.

– Det gjeld òg å finna musikk som alle aldersgruppene likar. Sjølv likar eg det meste, men eg passar på å ha med noko som gjer både ungdomen og dei eldre oppglødde, og so vil eg ha variasjon både i rytme og musikksjanger, seier ho. 

Samstundes passar ho på å ikkje velja ut musikkstykke som kan verka bråkete og støyta ifrå seg deltakarar. 

Mange av deltakarane hadde ikkje prøvt spinning før
John Bøthun Liøen er ein av dei som er med på spinninga fast kvar måndag. Han ynskjer å møta opp på dette tilbodet heile året rundt, dersom tilbodet vert oppretthalde. 

FØR ÅRSSKIFTET VISSTE HAN IKKJE AT DETTE VAR NOKO FOR HAN: No er John Bøthun Liøen svært glad for å ha det nye treningstilbodet å gå til kvar måndag.

– Det er ein veldig fin måndagsaktivitet dette. Eg har drive ein del med fotball før, og det kan eg seia, at eg merkar at denne treningsforma gjev voldsomt godt utbyte på kort tid, seier Liøen. 

– Er det difor spinninga er so populær?

– Eg har ikkje noko godt svar på kvifor det har vorte so populært dette. Sjølv er eg nyss tilbakeflytta til Borgund. Eg må seia det slår meg at det er mykje giv i borgundsbygdi, seier John Bøthun Liøen.  

Ikkje nok med at det er liv i borgundsbygdi, folk kjem òg køyrande heilt frå Lærdalsøyri for å vera med.  

– Det er god trening og det er moro. Sjølv om me ikkje snakkar med kvarandre under treninga, men sit der og trør og pesar, so er det likevel kjekt og sosialt å gjera slikt i lag med folk, seier Liøen. 

Før dette spinningtilbodet kom til bygda no ved årsskiftet, hadde Liøen aldri før drive med spinning. Han tykkjer spinninga hjelper han å yta meir. 

– Er det som ein dans på sykkelen?

– Eg veit ikkje om eg kan kalla det ein dans. Det er meir ei ekstremt god treningsøkt der ein trenar hardare enn elles. Og so set Linda på seige låtar, og då må me stilla inn meir motstand i trøene slik at det vert tyngre. Og so gjeld det å kjempa for å hengja seg på takta. 

Den nye ruta Linda Maristuen har lagt opp, frå Borgund til Maristuen, er ei skikkeleg klatreøkt, og dette opplegget er endå tøffare enn det førre. 

– Det er forferdeleg vondt, men samstundes utruleg godt, seier Liøen. 

Programmet tek han heilt «ned i kjellaren», men han får henta seg inn att når økta er over og det gjer godt.  

– Det verkar som dette tilbodet har kome for å verta. Det er veldig posititvt. Eg vil rå alle til å ta turen, om dei får tinga seg ein plass ei veke før det vert fullt. Det er stort aldersspenn her på ein 40 år òg, frå dei pur unge til dei godt opp i åra. Dei fleste klarar å fylgja med, for me kan gjera motstanden i trøene litt lettare om me vil, seier Liøen. 

Til toppen