VEKSTROM: I kjelleren har Marianne Utengen et eget rom der hun kan regulere lys og temperatur. FOTO: Vidar Ruud / NTB scanpix.
VEKSTROM: I kjelleren har Marianne Utengen et eget rom der hun kan regulere lys og temperatur. FOTO: Vidar Ruud / NTB scanpix.

Spirande liv

Med førekultivering gjer plantene seg klare til å meistre livet ute. Du har framleis nokre veker på å dyrke fram eigne småplanter.

I mange norske heimar dukkar no småspirane opp av jorda: Tomatplanter, agurk, basilikum, ringblome: Dei treng nokre veker på seg inne før dei toler overgangen til utesommar.

– Det er ikkje alltid så lett å treffe rett på storleiken, seier gartnar Marianne Utengen i Det norske hageselskap. Ho står nede i eit gammalt fyrrom i huset sitt på Siggerud litt utanfor Oslo. På benker og golv står potter med jord og småplanter. Dei tidlegaste agurkane sådde ho allereie i midten av mars.

– Eg fryktar at det var litt tidleg, vi får sjå, seier ho.

I fjor rakk tomatplantene å vekse seg lange og store før det vart varmt nok til å setje dei ut.

– Eg måtte nesten ha machete for å komme meg inn hit, seier ho.

Viss du dyrkar i vindaugekarmen, bør du tidlegast byrje førekultiveringa i midten av april, meiner André Strömqvist, forfattar av «Hageboka». Boka vart kåra til beste svenske hagebok i 2012 og kom på norsk i år.

– Det er viktig å ikkje byrje for tidleg viss ein ikkje har eit oppvarma drivhus eller ekstra plantelys. Viss lyset er for svakt, blir plantene slappe og skrantne, skriv han.

For dei fleste planter held det med ein knapp månad innandørs, ifølgje forfattaren.

Vekstrom

Viss du vil drive med førekultivering for alvor, vil du likevel ha stor glede av eit rom der du kan styre lyset og temperaturen. Utengens gamle fyrrom er funksjonelt fordi ho har sluk på golvet og kan spyle alt søl rett ned der – og fyromnen i hjørnet er for lengst ute av drift. Men alle tomme rom kan òg fungere. Utengen har fått installert plantelys i ein del lange gamle skulelamper, som lyser på plantene 20 timar i døgnet. Temperaturen er 15– 18 grader. Alle plantene har likevel fått starte livet på baderomsgolvet.

– Planter liker litt fotvarme i starten, forklarer ho.

Ho har òg sådd ein del krydderurter i vindaugekarmen i stua. Dei har ikkje vakse like bra som i «vekstrommet».

Bra blir det uansett å sleppe å kjøpe urter frå butikken.

– Dei er ofte hardt dyrka med mykje gjødsel og høg temperatur. Derfor dett mange av dei saman så snart dei kjem på kjøkkenbenken, seier Utengen.

Tidlege gulrøter

Gulrøtene bør du eigentleg så rett ut i jorda, men viss du førekultiverer dei, kan du få nokre ekstra tidlege. Utengen har funne fram ein juskartong, ferdig skylt og tørka. Toppen er skoren av, så klipper ho nokre hol i botnen for at vatnet skal kunne renne gjennom. Jorda ho skal bruke, har ho blanda ut med perlitt (vulkansk materiale) for å få meir luft. Så fyller ho opp kartongen med jord, vatnar og legg fem små gulrotfrø på toppen, strør over med vermikulitt – eit mineralsk stoff som ser ut som små gullsteinar – som skal halde på fukta.

– Når det blir litt varmare, fjernar du botnen og set heile kartongen i jorda, så veks gulrøtene innanfor den og blir rette og fine, fortel ho.

Det er mange grønsaker som kan såast inne i april: Blomkål, brokkoli, grønkål, haust- og vinterkål, raudkål, sikori og selleri. Newzealandsk spinat kan du fint så heilt mot slutten av månaden.

– Les på pakken, tilrår Utengen.

Omplanting og herding

Når plantene har vorte større, bør dei over i ei større potte.

– Dei fleste planter treng å vekse opp åleine, fortel gartnaren.

Dei første to blada som kjem på planta, blir kalla frøblad. Det neste er eit såkalla varig blad.

– Planten bør i alle fall ha fått eit par varige blad før ein planter han om, seier Utengen.

Før plantene skal greie seg utandørs, må du herde dei, slik at dei ikkje får sjokk av vind, sol eller kulde. Strömqvist tilrår å la plantene stå ute om dagen i nokre døgn, mens du tar dei inn om natta. Det er også lurt å dyppe pottene i vatn før utplantinga, da syg jorda lettare opp vatnet frå omgivnadene.

Alternativet til å dyrke fram plantene sjølv er å kjøpe dei halvferdige på hagesentera. Da slepp du mykje jobb, og du kan byrje planteprosessen seinare.

– Det er ikkje noko nederlag å kjøpe halvfabrikat, seier Utengen.

Men det er ikkje like morosamt.

– Viss du sår sjølv, kan du velje mellom fleire sortar, du skjønner det er eit enormt utval. Og det er mykje billigare. Og så får du jo denne «ah, eg får det til»-kjensla.

 

Til toppen