NYTT UTSTYR: Gåva til Årdal bu- og omsorgsenter vart tatt i bruk tvert. Beburarane fekk sjå filmen "Årdal 1940 - 1985". Foto: Jonny Asperheim 
 
NYTT UTSTYR: Gåva til Årdal bu- og omsorgsenter vart tatt i bruk tvert. Beburarane fekk sjå filmen "Årdal 1940 - 1985". Foto: Jonny Asperheim  

Spleiselag for syne gode gamle filmar

Onsdag ettermiddag fekk Årdal bu- og omsorgssenter overrekt ferdig oppmontert lerret, videokanon og DVD-spelar i gåve. 

Gåva vart godt motteke og beburarane var snare med å ønske å få sjå filmar som "Den forsvundne pølsemaker", "Ni liv" og "Fjolls til fjells.

– Me håpar å få til ein filmkveld i månaden, seier Bjørn Årebru, leiar i Frivilligsentralen i Årdal. 

Ideen

Årebru fortel ideen kom frå Karl Høgmo, som kom til han på Frivilligsentralen. Høgmo ville lage til noko på Årdal bu- og omsorgssenter, slik at dei får høve til å sjå gamle filmar. 

Spleiselag

Gåva er eit spleiselag mellom dei fem laga Årdal Pensjonistlag, Årdal Frivilligsentralen, Årdal Sogelag, Øvre Årdal helselag,  Eldresenteret på Årdalstangen og i Øvre Årdal. 

GJEVARAR: Kolbjørn Kastet frå Pensjonistlaget (frå venstre), Bjørn Årebru frå Frivilligsentralen, Hildny Sagen frå Eldresenteret på Årdalstangen, Bjørn Lindland frå Årdal Sogelag,   Signe Lerum frå Øvre Årdalhelselag, Karl Høgmo, initiativtakar og pådrivar, Jenny Osland frå Øvre Årdal helselag og Kari Noreide frå  Eldresenteret på Årdalstangen. Årdal Eldresenter var og med på spleiselaget men hadde ikkje med nokon representant på opninga.

Snurra film

Bjørn Årebru innleia onsdag ettermiddag og fortalde om bakgrunnen for gåva. Kvinne- og familielaget spanderete kaffi med noko attåt før dei snurra filmen "Årdal 1940 - 1985" på det nye anlegget. 

Til toppen