NOK ER NOK: – Eg veit ikkje med deg, men no tykkjer eg at nok er nok, skriv Torbjørn Vereide (Ap).
NOK ER NOK: – Eg veit ikkje med deg, men no tykkjer eg at nok er nok, skriv Torbjørn Vereide (Ap).

MEININGAR

Splitt og behersk

Torbjørn Vereide (Ap) har sett seg lei av den polariserte innvandringsdebatten. – Debatten må tilbake til den reelle politikken​, skriv han i denne kommentaren.

KOMMENTAR: Integreringsdebatten har utvikla seg til å vere meir splittande og mindre konstruktiv enn på lenge, og dette er langt frå tilfeldig. Framfor å prate om gode løysningar, legg Integreringsministeren ein grunnstein for debatten som er bygd opp av krasse ord og mistillit. Ordskiftet får føringar som «oss» og eit «dei», og på denne grunnsteinen slit vi alle med å halde balansen. Meg sjølv inkludert.

Med sin bakgrunn som seniorrådgivar i kommunikasjonsbyrået First House, brukar Integreringsministeren PR-kompetansen sin til å spele opp det kjenslelada konfliktnivået framfor å løfte opp den reelle politikken.

Difor høyrer vi svært lite om at:

  • Det blir sløst bort 1700 millionar kroner på tomme plassar i asylmottak
  • Saksbehandlinga på asylsøknadar tek lengre tid enn tidlegare
  • Norskopplæringa på asylmottaka blir kutta ned slik at det blir vanskeligare å lære språket vårt

Ein tommel opp, eller ned, er mykje enklare å handtere enn vanskelige saker, og det er derfor svært lurt av Integreringsministeren å legge opp til nettopp dette. Men kvifor bit vi stadig over agnet som ho snører ut i almenheita? Eg er pokker meg ikkje sikker, men her skal eg i alle fall prøve å gi deg metoden i tre punkt:

  1. Først tek Integreringsministeren utgangspunkt i noko som vi alle er einige om, for så å presentere det som eit kontroversielt standpunkt. Dette kan eksempelvis vere utsegn som «at vi ikkje kan ta imot 65 millionar flykningar» eller «heile Afrika». Dette skaper store, flotte overskrifter, og bidreg til eit inntrykk om at dette er ein kamp som ho må ta mot resten av det politiske Noreg.
  2. Når overskriftene er på plass, og folk frå begge fløyer blir passeleg forbanna, kan Integreringsministeren pusle vidare med norskopplæring, busetnad eller andre småsaker. Sjølv om den faktiske politikken både er somlete og baklengs, går dette heilt knirkefritt for ministeren sidan resten av oss framleis er opptatt med å enten forsvare eller angripe overskriftene.
  3. Til slutt må Integreringsministeren passe på å redusere alle standpunkta som kjem, til ytterpunkt for å halde liv i konflikta. Enten vil du at Noreg skal ha verdas strengaste asylpolitikk, eller så vil du at Noreg skal bli som Syria. Dette er alternativa, og du må gjerne bestemme deg innan helga. Kven vil vel ikkje støtte ho i ein slik konstruert kamp for fedrelandet?

Denne metoden funger altfor bra, og vi alle må ta sjølvkritikk for at vi stadig går i fella. Debatten må tilbake til den reelle politikken slik at vi kan diskutere konkrete løysningar framfor å somle med tiltak. Vi visste alle kva som låg bak sløret til FRP når dei kom i regjering, så det hjelper ikkje å spele overraska. Derimot burde vi forlange at Høgre sluttar å gøyme seg bak sceneteppet i denne saka. No er det på tide at dei samlar litt moralsk mot og faktisk viser leiarskap i denne regjeringa. Eg veit ikkje med deg, men no tykkjer eg at nok er nok.

Til toppen