SPÅR MEIR FLAUM: På bakgrunn av flaumen i haust og ein NVE-rapport, ønskjer Aleksander Heen (Sp) svar på kva Årdal kommune vil gjere for å førebyggje flaumskadar i framtida. Foto: Arkiv
SPÅR MEIR FLAUM: På bakgrunn av flaumen i haust og ein NVE-rapport, ønskjer Aleksander Heen (Sp) svar på kva Årdal kommune vil gjere for å førebyggje flaumskadar i framtida. Foto: Arkiv

Spør etter flaumsikring

Aleksander Heen (Sp) etterlyser tiltak frå Årdal kommune for å sikre liv, helse og eigedomar frå flaum i framtida. 

På vegner av Senterpartiet har Heen har retta brev med førespurnad om flaumsikring til ordføraren. Heen ber om at spørsmåla blir handsama i førstkomande kommunestyremøte.

FLAUM I FRAMTIDA: Aleksander Heen, kommunestyrerepresentant og gruppeleiar i Årdal Senterparti.
FLAUM I FRAMTIDA: Aleksander Heen, kommunestyrerepresentant og gruppeleiar i Årdal Senterparti.

Førebyggje flaum

Heen syner til flaumen i oktober, med evakuering av busetnad i flaumråka område. Få tiltak kan iverksetjast i akuttfasen, og derfor er førebyggjande arbeid av stor betydning.

– Er kommunen sitt førebyggjande arbeid med flausikring godt nok ivareteke? spør Heen.

Har ikkje kapasitet til 200-årsflaum

Heen syner til ein rapport frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) frå 2013, som syner flaumsonekart for delar av Årdal kommune. I rapporten går det fram at områda som i haust vart råka, er utsett for ein såkalla 20-årsflaum. 

Heen syner til følgjande i NVE-rapporten: "Utrekningane syner at store delar av busetnaden oppover Utladalen ligg utsett til for flaum. Særleg berørt er Ålmenhagen, Tronteigen, Lykkja, og Timresletti. Hovudvegen oppover dalen vert overfløymd ved større flaumhendingar, og sentrale bruer, som brua i sentrum i Øvre Årdal, Øyni bru og Svalheim bru i Utladalen, har ikkje kapasitet til 200-årsflaum."

Klimaendringar – spår meir flaum

Heen hevdar med bakgrunn i haustens erfaringar, at også mindre flaumar  fører med seg risiko for kritisk infrastruktur. Han syner også til at NVE spår at klimaendringar fører med seg større hyppigheit av flaum.

Heen spør ordføraren om det er sett i verk tiltak etter rapporten frå NVE, og før flaumen i haust.  

I tillegg spør Heen om ordføraren vil syte for å setje i verk naudsynte tiltak slik at flaum i framtida ikkje får negative konsekvensar for eigedomar, liv og helse. 

Viktige spørsmål

Ordførar i Årdal, Arild Ingvar Lægreid, seier til Porten.no at han skal sjølvsagt svare Heen i kommunestyremøtet 20 november. 

SKAL SVARE: Ordførar Arild Ingar Lægreid vil gi eit svar i kommunestyremøtet 20 november.
SKAL SVARE: Ordførar Arild Ingar Lægreid vil gi eit svar i kommunestyremøtet 20 november.

– Dette er store og viktige spørsmål. Det er viktig å få alle fakta på plass, noko eg jobbar med i lag med rådmann føre kommunestyremøtet, seier Lægreid.  

 

Til toppen