Utsyn mot Øvre Årdal
Utsyn mot Øvre Årdal (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Sommarquiz

Sju spørsmål frå Årdal

Hjernen har gjerne vore i feriemodus ei stund og mange byrjar på jobb att i desse dagar. Få dei små gråe i gang att med Porten.no sin sommarquiz.

Spørsmåla i dag er frå Årdal. Det hjelp å ha følgt litt med på Porten.no i sommar.

1. Natur: Kven av Årdal turlag sine støls- og topptrimpostar er plassert flest meter over havet?

2. Næringsliv: Kor stort var overskotet før renter og skatt i andre kvartal i år for Hydro i Årdal?

3. Sport: Kven scora dei tre måla då Jotun sitt smågutelag vann 3-0 i ein TV2-sendt kamp på Norway cup søndag 31. juli?

4: Kultur: Hardrockgruppa TNT spelar torsdagen under Målrock. Den norsk-amerikanske gruppa har hatt to vokalistar med førenamn Tony. Kva er etternamna til dei to?

5: Historie: Oldebarnet til ein av dei som var med på turen då William Cecil Slingsby nådde Store Skagastølstind som førstemann i 1876 heldt føredrag under jubileumsmarkeringa for Folkevegen til Vetti første søndagen i juli. Oldebarnet har same namn som oldefaren hadde. Kva er namnet?

6: Politikk: Ho sit på Stortinget for Ap og representerer Akershus, men kjem opphaveleg frå Årdal. Namnet?

7: Lett blanding: Årdalsjenta er nyhendeanker i TV2 Nyhendekanalen. Kva år er ho fødd?

Det er sjølvsagt juks å googla. Å søkja i Porten.no sitt arkiv, derimot, er innanfor. Fasit kjem i morgondagens sommarquiz.

Til toppen