Spørsmåla i dag er frå Aurland. Det hjelp å ha fulgt litt med på Porten.no i sommar.
1. Natur: Kva årstal fekk Nærøyfjorden landskapsvernområde verdsarvstatus etter vedtak i UNESCO?
2. Næringsliv: Kva heiter det største cruiseskipet som har vore til hamn i Flåm i sommar?
3. Sport: Kor mange skyttarar skaut 349 poeng under stemnet som var i Aurland under Frende Cup?
4: Kultur: Kor mange besøkjande vart det berekna at var innom Aurlandsmarknaden i sommar?
5: Historie: Kva dato og årstal vart vegen over Aurlandsfjellet offisielt opna?
6: Politikk: Miljøpartiet Dei Grøne har to representantar i kommunestyre i Aurland. Namna?
7: Lett blanding: Dotter hennar har du nesten garantert sett og ho har same førenamn som ein amerikansk singer-songwriter. Sjølv har ho gitt ut barnebøker. Kva heiter mor og dotter?
Det er sjølvsagt juks å googla. Å søkja i Porten.no sitt arkiv, derimot, er innanfor. Fasit kjem i morgondagens sommarquiz.
Fasit, spørsmål frå Lærdal:
1. Natur: Kva årstal vart den frykta parasitten Gyrodactulus Salaris oppdaga att i Lærdalselvi for første gong etter rotenonbehandlinga i 1997? 1999
2. Næringsliv: Kva «magisk» omsetnadsgrense har dagleg leiar i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal, uttala at verksemda har som mål å nå til i 2020? 100 millionar kroner
3. Sport: Kva heiter dei to Hegg-brørne frå Borgund som stadig gjer det skarpt i ulike meisterskap i skytesporten? Jon-Hermann og Jens-Henrik
4: Kultur: Jordeplerock sette ny publikumsrekord i år også. Kor mange var innom? 2600
5: Historie: Kva årstal stod Kongevegen over Filefjell klar? 1793
6: Politikk: Senterpartiet gjorde eit brakval i Lærdal i 2015. Kor mange representantar i kommunestyret hadde dei i perioden 2011-2015? Og kor mange har dei no? 2011 - 2015: Fem, 2015 - 2019: Åtte
7: Lett blanding: Kva heitte den «mystiske» luksusyachten som kom til Lærdal i starten av juni og som vart omtalt på Porten.no? Bacarella