Spørsmåla i dag er frå Lærdal. Det hjelp å ha fulgt litt med på Porten.no i sommar.
1. Natur: Kva årstal vart den frykta parasitten Gyrodactulus Salaris oppdaga att i Lærdalselvi for første gong etter rotenonbehandlinga i 1997?
2. Næringsliv: Kva «magisk» omsetnadsgrense har dagleg leiar i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal, uttala at verksemda har som mål å nå til i 2020?
3. Sport: Kva heiter dei to Hegg-brørne frå Borgund som stadig gjer det skarpt i ulike meisterskap i skytesporten?
4: Kultur: Jordeplerock sette ny publikumsrekord i år også. Kor mange var innom?
5: Historie: Kva årstal stod Kongevegen over Filefjell klar?
6: Politikk: Senterpartiet gjorde eit brakval i Lærdal i 2015. Kor mange representantar i kommunestyret hadde dei i perioden 2011-2015? Og kor mange har dei no?
7: Lett blanding: Kva heitte den «mystiske» luksusyachten som kom til Lærdal i starten av juni og som vart omtalt på Porten.no?
Det er sjølvsagt juks å googla. Å søkja i Porten.no sitt arkiv, derimot, er innanfor. Fasit kjem i morgondagens sommarquiz.
Fasit, spørsmål frå Årdal:
1. Natur: Kven av Årdal turlag sine støls- og topptrimpostar er plassert flest meter over havet? Store Soleibotntind, 2083 moh.
2. Næringsliv: Kor stort var overskotet før renter og skatt i andre kvartal i år for Hydro i Årdal? 202 millionar kroner
3. Sport: Kven scora dei tre måla då Jotun sitt smågutelag vann 3-0 i ein TV2-sendt kamp på Norway cup søndag 31. juli? Nikolas Trollebø og Jesper Eldegard (2)
4: Kultur: Hardrockgruppa TNT spelar torsdagen under Målrock. Den norsk-amerikanske gruppa har hatt to vokalistar med førenamn Tony. Kva er etternamna til dei to? Harnell og Mills
5: Historie: Oldebarnet til ein av dei som var med på turen då William Cecil Slingsby nådde Store Skagastølstind som førstemann i 1876 heldt føredrag under jubileumsmarkeringa for Folkevegen til Vetti første søndagen i juli. Oldebarnet har same namn som oldefaren hadde. Kva er namnet? Knut Lykken
6: Politikk: Ho sit på Stortinget for Ap og representerer Akershus, men kjem opphaveleg frå Årdal. Namnet? Gunvor Eldegard
7: Lett blanding: Årdalsjenta er nyhendeanker i TV2 Nyhendekanalen. Kva år er ho fødd? 1987