Spørsmåla i dag er frå Sogndal. Det hjelp å ha fulgt litt med på Porten.no i sommar.
1. Natur: Kva er det høgaste fjellet i Sogndal?
2. Næringsliv: Kva er spesielt me hyttene familien Falck Husum driv og utviklar?
3. Sport: Mot kva lag både scora Chidiebere Chijioke Nwakali og fekk raudt kort?
4: Kultur: På kva kulturområder er Sogndal best i fylket, ifølgje Norsk kulturindeks 2016?
5: Historie: Kva heitte dei to som kjempa om kongemakta under slaget ved Fimreite?
6: Politikk: Kor mange kommunestyremedlemmar blir det i den nye kommunen Sogndal, når noverande Sogndal, Leikanger og Balestrand blir slegne i hop frå 2020?
7: Lett blanding: Kva årstal kom Tone Damli Aaberge på 2. plass i Idol?
Det er sjølvsagt juks å googla. Å søkja i Porten.no sitt arkiv, derimot, er innanfor. Fasit kjem i morgondagens sommarquiz.
Fasit, spørsmål frå Aurland:
1. Natur: Kva årstal fekk Nærøyfjorden landskapsvernområde verdsarvstatus etter vedtak i UNESCO? 2005
2. Næringsliv: Kva heiter det største cruiseskipet som har vore til hamn i Flåm i sommar? Queen Mary 2
3. Sport: Kor mange skyttarar skaut 349 poeng under stemnet som var i Aurland under Frende Cup? Tre
4: Kultur: Kor mange vitja marknadsfesten laurdagskvelden under Aurlandsmarknaden i sommar? 900
5: Historie: Kva dato og årstal vart vegen over Aurlandsfjellet offisielt opna? 1. juli 1967
6: Politikk: Miljøpartiet Dei Grøne har to representantar i kommunestyre i Aurland. Namna? Monica Gjesdal Larsen og Anders Fretheim
7: Lett blanding: Dotter hennar har du nesten garantert sett og ho har same førenamn som ein amerikansk singer-songwriter. Sjølv har ho gitt ut barnebøker. Kva heiter mor og dotter? Signe Olaug (mor) og Tori Pedersen (dotter)