GIR OPP: Etter å ha slete økonomisk ei stund, har dagleg leiar ved Sportsbui i Lærdal bestemt seg for å leggja ned. Foto: Arkiv.
GIR OPP: Etter å ha slete økonomisk ei stund, har dagleg leiar ved Sportsbui i Lærdal bestemt seg for å leggja ned. Foto: Arkiv.

Sportsbui legg ned

– I laupet av årsskiftet er det slutt, seier dagleg leiar.

– Det er vemodig og trist å slutte med butikk, men når avgjerda er teken, er det heilt greit, seier Per Steinar Kvamme til Porten.no.

I helga bestemte han seg for å leggje ned butikken etter å ha slete økonomisk dei siste åra.

– Ei trist utvikling

Konkurransen har blitt større dei siste åra når det gjeld å kapre kundane, og netthandelen er komen for å bli. 

– Det er ei trist utvikling, og ein spesialbutikk har ikkje så mange bein å stå på, fortel gründer Per Steinar Kvamme, som innser at han no har kome til eit vegskilje.

I helga tok han det endelege valet. Etter å ha dreve Sportsbui i to år som medeigar og seks år aleine, er tida inne til å setje kroken på døra. Dei siste åra har vore harde økonomisk, og Kvamme har sjølv brukt sparepengane sine i håp om å redde bedrifta.

– For to år sidan gjekk eg inn med ein eigenkapital på mellom 250 og 300 tusen kroner, og eg hadde håp om at situasjonen skulle betre seg.

– Slik gjekk det dessverre ikkje. Ein får det ikkje lenger til å gå rundt økonomisk, og det blir berre mykje arbeid. Då blir det tungt å drive på, seier han.  

Ser etter ny jobb

Kvamme legg til at overskotet har vore lite dei siste åra og meiner det ikkje er liv laga når ein må leve på kassakreditten. I laupet av veka sel han ut det meste av det som er fint i butikken og reknar med å avvikle etter jul.

– Eg kjem til å rydde ein del i butikken fram til onsdag, og reknar med å selje ut mesteparten då. Det vil bli ein del gode tilbod.

Når Porten.no spør kva framtisplanar Per Steinar har, er han klar på å kome seg ut på arbeidsmarknaden igjen. Sjølv om Per Steinar har passert 60 år, håpar han ikkje alderen vil vere noko hinder for å skaffe seg ny jobb.

Til toppen