Sogndal: Sportsutstyrkjeda Gresvig Retail Group har slått seg konkurs måndag, melder Dagens Næringsliv. Selskapa som driv Gresvigkjeda sine eigeneigde butikkar er konkurs, men franchisebutikkar i Intersport blir vidareførte. Blant dei, Intersport i Sogndal.
– Det er litt vanskeleg å svara på akkurat kva som skjer vidare, me veit ikkje så mykje meir enn det som står i media, seier Reidar Dvergedal, dagleg leiar for Intersport i Sogndal.
Dei eig 100 prosent av butikken i Sogndal sjølve, og betalar ein lisens til Gresvig for å ha Intersport-namnet. Difor er ikkje dei ein del av konkursen, men den vil ha følgjer for dei òg.
– Det som skaper uvisse er kva som skjer rundt eigaren av kjeda. Dei ser vel etter interesserte som ønskjer å ta dette vidare, elles vert me fristilde frå kontrakten vår, og det vert ein frittståande butikk her. Me må berre finna vegen vidare, seier han.
- Les òg: Stoppartalent forlet Sogndal
Usikker varelevering
Eit anna usikkert moment for butikken i Sogndal er varelevering, sidan dei får mykje av varene frå Gresvig. Men den daglege leiaren uroar seg ikkje for det med det første.
– Me må jo ha varer for å handtera kundane våre, og i denne bransjen er det mykje uro, med alt for mykje varer i marknaden. Så eg trur det er nok varer å henta, seier han.
Han seier det no er bustyrar som avgjer kva som skjer vidare, og Dvergedal trur bustyraren ønskjer at det går drifta går som vanleg i Sogndal.
Intersport er også eit av verdas største sportsnamn, og kjem nok ikkje til å missa namnet.
Drifta held fram som normalt
– Det var ein frykteleg lei beskjed å få, men for oss trur eg ikkje det vert konsekvensar på kort sikt, og heller ikkje lang sikt, seier han.
Han seier at dei tilsette og kundane ikkje kjem til å merka noko endring.
– Den daglege drifta vil halda fram omtrent som normalt, og me kjem til å halda oppe trykket. Me kjem til å ta vare på kundane våre og alt me har av leveransar, seier han.