Spøting og kino

Kva får ein dersom Lærdal kino og Lærdal husflidlag møtest? Strikkekino, sjølvsagt.

Lærdal: Torsdag var det nemleg duka for tidenes første strikkekino i Lærdal. Det var Husflidlaget som tok initiativet, men kinosjefen var ikkje vond å be.

– Det er veldig kjekt å prøve ut noko nytt, seier Øyvind Hamre ved Lærdal kino.

For dei som sit heime med klirrande strikkepinnar og lurer på dette «nye» opplegget, så har Hamre ein ny film på lista si dersom Husflidlaget er interessert i å prøve dette ut på nytt.

Noregs første strikkekino vart arrangert med stor suksess på Hamar 21. januar i fjor og har sidan spreidd seg til heile landet. Hamre trur dette er første gongen ein strikkekino vert arrangert i Sogn og Fjordane.

For mange strikkarar høyrer strikketøyet med når ein ser ein film frå sofakroken, så kvifor ikkje ta det eit steg lengre og strikke på kino?

For at strikkeentusiastane skulle sjå kva dei heldt på med var det litt meir lys enn vanleg i kinosalen. På lerretet blei «Mitt store fete greske bryllup 2». 

Til toppen