Indre Sogn: Ved Sogndal vidaregåande skule får yrkesfagelevane på vg1 og vg2 prøva seg i praksis i ulike bedrifter for å få ein fot innanfor arbeidslivet. Det kjem fram i ei pressemelding. Arbeidslivskontakt ved skulen, Svein Hauge, fortel at det er utfordrande å skaffa både praksis- og læreplassar for minoritetsspråklege elevar.

Språk hindrar minoritetselevar å få praksis i vidaregåande utdanning
– Me ser at bedriftene vegrar seg når norsken er for dårleg, seier faglærar på byggfag ved Sogndal vidaregåande skule, Per Ivar Lomheim.