PRAKSIS: Haydeh Alikhani har dei siste fem måndane hatt språk- og arbeidspraksis på Esso bensinstasjon i Lærdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
PRAKSIS: Haydeh Alikhani har dei siste fem måndane hatt språk- og arbeidspraksis på Esso bensinstasjon i Lærdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Språkpraksis sikra Haydeh sommarjobb

Esso bensinstasjon i Lærdal er ei av bedriftene i kommunen som tek inn flyktningar i språk- og arbeidspraksis. 

Lærdal: Tobarnsmora Haydeh Alikhani har dei siste fem månadane hatt språk- og arbeidspraksis på bensinstasjonen i Lærdal. Dette programmet sikra ho jobb til sommaren. 

– Det har gått veldig bra og eg likar meg godt her, seier ho. 

Alikhani kom til Noreg frå Iran i august 2013 saman med ektemannen og dottera deira. Familien har vore busett i Lærdal sidan 2014. 

Praksisen er ein del av språkopplæringa på norsksenteret i Sogndal. Det er i alt to personar som gjennomfører språkpraksisen sin på bensinstasjonen i Lærdal. 

Les også: Norsksenter startar opp i august

Ein ekstra resurs

Dagleg leiar på Esso, Arild Fossøy, meiner dei har eit viktig samfunnsansvar til å tilby flyktningar praksis. 

– Me må prøva å hjelpa og gjera det me kan. Alle må få ein sjanse. Det er viktig å integrere dei som kjem inn i arbeidslivet, seier Fossøy. 

Til sommaren har også Alikhani fått seg sommarjobb på bensinstasjonen. 

– Sjølvsagt er det ein del arbeid i starten med språk og opplæring i bedrifta. Men etterkvar vert den ekstra hjelpa ein ekstra resurs for oss, seier han. 

Fossøy legg til at dei kjem til å halda fram med å vere ei bedrift som tek imot flyktningar som treng språk- og arbeidspraksis i framtida. 

Treng fleire arbeidsplassar

I Lærdal er det fleire bedrifter som har teke inn flyktningar i språkpraksis. Blant andre Kiwi, Nettbuss og helse og omsorg i kommunen. 

– Esso har vore heilt eksepsjonelle. Dei har teke inn folk i praksis heilt sidan dei første flyktningane kom i 2014, seier flyktningkonsulent Dag Terje Kavlie. 

Han meiner det er viktig å få det private næringslivet på bana når det gjeld å tilby praksis til flyktningar som tek språkopplæring. 

– Det er eit stort behov for slike praksisplassar i Lærdal. No har me fem personar som ikkje har fått praksisplass og mellom 13 og 15 som har fått, seier Kavlie. 

Tilpassa jobb

Når flyktningane vert busett i kommunen har dei ein kartleggingssamtale saman med flyktningskonsulenten der dei snakkar om kva bakgrunn og utdanning dei har. 

– Me prøver å finne ein praksisplass som passar kvar enkelt. Til dømes har me ein som har jobba på verkstad tidlegare som ønskja å jobba med mekanikk og som no er utplassert på Nettbuss, seier Kavlie. 

Språkprakisen er eit lågterskeltilbod der staden flyktningane er utplassert kan vere alt frå ei bedrift til ein frivilleg organisasjon som ein idrettsklubb eller musikklag. Arbeidspraksisen derimot, må vere i ei bedrift eller i kommunal regi. 

– Me vil finna bedrifter der flyktningane kan sjå for seg ei framtid. No har me tre personar som tidlegare har jobba med telekommunikasjon. Her er det ei lita utfordring sidan det ikkje er så mange slike type bedrifter i Lærdal, seier Kavlie. 

Mange seier nei

Fleire av bedriftene som flyktningskonsulenten har vore i kontakt med, vegrar seg frå å ta imot personar i språk- og arbeidspraksis. 

– Dei seier at språket er i vegen eller at dei ikkje har nok kapasitet til å følgja opp. Tilbakemeldingane frå bedriftene som har sagt teke imot flyktningar har utelukkande vore positiv. I starten treng ein litt ekstra oppfølging, men etterkvar vert dei ein resurs, seier Kavlie. 

Lærdal kommune har vedteke at det skal busetjast 20 flyktningar i år. Tre personar skal komma til bygda no i mai. 

– Det er ingen utgifter for bedriftene å ta inn personar i språk- og arbeidspraksis. I tillegg er dei forsikra gjennom opplæringsprogrammet, avsluttar Kavlie. 

 

 

Til toppen