FORSVARER NYNORSKEN: Øystein Vangsnes jobbar ved universitetet i Tromsø, men har ei bistilling ved Høgskulen på Vestlandet. Dei siste dagane har språkprofessoren hamna i eit heftig ordskifte om nynorsk på Facebook med kjendisveterinær Trude Mostue. Foto: Pressefoto/Skjerdump frå Facebook. 
FORSVARER NYNORSKEN: Øystein Vangsnes jobbar ved universitetet i Tromsø, men har ei bistilling ved Høgskulen på Vestlandet. Dei siste dagane har språkprofessoren hamna i eit heftig ordskifte om nynorsk på Facebook med kjendisveterinær Trude Mostue. Foto: Pressefoto/Skjerdump frå Facebook. 

Språkprofessor i nynorskkrangel med kjendisveterinær

– Det er folk som meiner eg har tatt mannen og ikkje ballen. Men eg meiner eg gjer ei sklitackling og tek både mannen og ballen, seier språkprofessoren frå Leikanger.

Sogndal: Då kjendisveterinær Trude Mostue gjekk til angrep nynorsken på Facebook greidde ikkje Vangsnes å dy seg.

Han tok like godt fram raudblyanten og retta alle skrivefeila han kunne finne i innlegget.

– Ho la ut eit hatsk, intolerant og kunnskapslaust innlegg om nynorsk som har fått altfor mykje merksemd. Eg kunne prøvd å gå til motmæle med sakleg argumentasjon, men eg fann ut at eg måtte ta eit anna grep, seier han.

Les også: – Undervisninga i sidemål bør avviklast
Les også: Fråsegnsras for nynorsk i Vestlandsregionen

Språkleg sklitackling

Reaksjonane lot ikkje vente på seg, både frå meiningsfeller og motstandarar, og ikkje minst frå Trude Mostue sjølv, som meiner det Vangsnes driv med er mobbing.

– Eg synst at ein vaksen mann som Vangsnes burde vere eit betre eksempel for barn og unge på korleis du skal føre ein respektfull debatt. Eg har debattert nynorsk i skulepensum, medan han gjekk til simpel uthenging av mine skrivefeil, seier Mostue til Dagbladet, som var først ute med å omtale ordskiftet med språkprofessoren frå Sogn.

– Det er folk som meiner eg har tatt mannen og ikkje ballen. Men eg meiner eg gjer ei sklitackling og tek både mannen og ballen. No har eg ballen, og kan prate om det saka handlar om, seier Vangsnes.

Språkprofessoren meiner nynorsk er under press og at det er naudsynt å forsvare den frå angrep. 

– At alle skal lære nynorsk i skulen er med å sikre at nynorsken kan leve vidare. Utan den hadde det vore eit enno større press, seier han.

Nynorsken er under press

Det var svake karakterar i nynorsk som gjorde at Mostue i si tid ikkje kom inn på veterinærstudia i Norge. Facebookinnlegget skreiv ho etter at Høgre i førre veke føreslo å fjerne eksamen og karakter i faget.

I intervjuet med Dagbladet seier Mostue at Vangsnes omgår det kritikken hennar eigentleg gjekk ut på, nemleg rolla nynorsken har i skulen. At språkprofessoren henta fram raudblyanten, i staden for å komme med motargument, meiner ho er mobbing.

– Eg kan ikkje fatte og begripe korleis det er relevant i debatten. Eg er kanskje elendig, men det er ikkje poenget, seier ho til avisa.

Vangsnes seier han ikkje meinte å såre nokon og vedgår at dette ikkje er måten han vanlegvis debatterer på.

– Hadde det vore den gjennomsnittlege nynorskhatar, så hadde eg aldri gjort noko slikt. Men ho får merksemd eine og åleine fordi ho er kjendis og det er mange som ser det ho skriv, seier han.

Til toppen