VM-SØLV: Anna M. Tråve frå Lærdal sprang inn til VM-sølv i motbakkeløp for vetaranar i Italia førre helg. Foto: Christian Prestegård.
VM-SØLV: Anna M. Tråve frå Lærdal sprang inn til VM-sølv i motbakkeløp for vetaranar i Italia førre helg. Foto: Christian Prestegård.

Sprang inn til sølvmedalje i Veteran-VM

Anna M. Tråve frå Lærdal reiser heim att frå Italia med ein sølvmedalje i baggasjen. 

Susa/Lærdal: I helga deltok ho på VM i motbakkeløp for veteranar i Susa i Italia. I klassen 60-64 år gjorde 61-åringen det svært godt og sprang inn til ein andreplass av 25 løparar.

– Det kjennest veldig bra. Eg er veldig nøgd. Dette var eit av dei beste løpa mine i motbakkesamanheng. Det er eit utruleg høgt nivå i klassane, så eg er veldig nøgd med dagen, seier Tråve til Porten.no. 

Etter mange år med konkurransar og løp rangerer 61-åringen sølvmedaljen heilt der oppe. 

Hekta på motbakkeløp

Sjølve løypa var på 6,5 kilometer, der 820 høgdemeter vart forsert. Denne løypa sprang alle damer, samt menn frå 55 år og eldre laurdag. 

Når det gjeld motbakkebasillen, vart ho biten av den etter at ho deltok på Storehaugen Opp i 2009. 

– Etter 20-30 år med maraton og gateløp var eg litt lei, og så dukka denne motbakkebølgja opp. Eg var med på Storehaugen Opp og vart hekta, fortel ho.

– Det er jo noko med at ein kjem opp på ein fjelltopp og har naturen rundt seg. Eg elskar å konkurrere og springa i fjellet, og då er motbakkeløp ei god samansetning. 

Mange løp att å springe

61 år er ingen alder naturlegvis, så Tråve har mange løp att å springe.

– Så lenge eg oppnår resultat og framleis er glad i å trena og konkurrera, så held eg fram. Eg er enormt sta og har sterk vilje.

No gjenstår eit par motbakkeløp til før ho sjølv skal både delta og arrangere Galdane Rundt i Lærdal. 

Til toppen