Sprang til 1000

I lun haustsol fullførte alle dei 46 påmeldte motbakkeløpet "Tur til 1000 opp" til Heirsnosi laurdag.

Fyrst i mål var Roy Olsen frå Jotun og Per Ove Walaker frå Fanaråken IL, begge med den imponerande tida 33:53. 

Sjå biletegalleri frå Tur til 1000 2015 øvst i saka.

Med både jubelbrøl og litt mindre fine ord, sprang dei to karane i mål ein halvtime etter startstreken frå 400 meteren.

Artikkelen held fram under biletet.

UTMATTA: Fullstendig utmatta sprang Roy Olsen (t.v.) og Per Ove Walaker over målstreken vel halvtimen etter start.
UTMATTA: Fullstendig utmatta sprang Roy Olsen (t.v.) og Per Ove Walaker over målstreken vel halvtimen etter start.

Brutalt hardt

Geir Nordnes sykla frå sentrum av Øvre Årdal og opp til Heirsnosi på tida 1:00:21. Ifølgje arrangørane vert dette rekna som Noregs tøffaste sykkelløp med 1000 meter stigning på 10 kilometer.

Artikkelen held fram under biletet.

BRUTALT: Geir Nordnes kom i mål ein time etter han kryssa startstreken i Øvre Årdal sentrum.
BRUTALT: Geir Nordnes kom i mål ein time etter han kryssa startstreken i Øvre Årdal sentrum.

– Det er ei fantastisk løype, men brutalt hardt! At det er eit strålande vêr i dag, er viktig for opplevinga, seier Nordnes. 

Han merka seg at det var færre påmeldte i år enn tidlegare, noko han tykkjer er leit. Nordnes meiner at meir marknadsføring av motbakkeløpet må til for å trekkje deltakarar til Årdal denne dagen. 

– Dei siste åra har ikkje vêret vore bra heller, og det har nok ein del å seie. 

Jotun IL er arrangørane av Tur til 1000, og dei fortel at dei merkar ei jamn nedgang i deltakinga frå år til år. Dei ynskjer også å marknadsføre konseptet i større grad til neste år for å få fleire til å delta.

Hard konkurranse

Ikkje lenge etter dei fyrste mennene, kom Hege Lien frå klubben Sprekis i mål på tida 39:33. 

I det tradisjonelle motbakkeløpet var det i år deltakarar fordelt på 17 klassar, i tillegg til mosjonsklassen der fleire familiar med born tok turen opp til Heirsnosi. 

Beste løpar i timeklubben vart Tor Erik Sveen med tida 40:14. 

TIMEKLUBBEN: Tor Erik Sveen frå klubben Jotun 6A kom fyrst i mål i timeklubben.
TIMEKLUBBEN: Tor Erik Sveen frå klubben Jotun 6A kom fyrst i mål i timeklubben.
Til toppen