PÅSKEPOSE: Lillemor Moen er ein av medlemane frå Lærdal Røde Korps Hjelpekorps som delar ut posar med påskestemning. Foto: Ina Eirin Eliassen
PÅSKEPOSE: Lillemor Moen er ein av medlemane frå Lærdal Røde Korps Hjelpekorps som delar ut posar med påskestemning. Foto: Ina Eirin Eliassen

Spreier påskeglede og informasjon

Lærdal Røde Kors Hjelpekorps og Norske Redningshunder var på plass på Lærdalsøyri onsdag for å kombinere rekruttering med påskestemning. 

Som del av å rekruttere fleire medlem og for å informere om redningsorganisasjonanes aktivitet i påska og ellers av året, var kring 13 personar frå Norske Redningshunder og Lærdal Røde Kors Hjelpekorps på plass på Lærdalsøyri gjennom dagen. 

HÅPAR PÅ FLEIRE MEDLEMMER: Simen Hagheim (f.v), hunden Arja, Monika Lysne, Aleksander Offerdal, Lillemor Moen, Turid Valdemarsdotter og Eli Vindedal frå Lærdal Røde Kors Hjelpekorps. Dei er kring 100 medlemmer, der 28 av dei står på beredskapslista.

Gjennom heile dagen delte dei ut til saman over 400 posar som inneheld mellom anna sjokolade, førstehjelpspakke og hefte, i tillegg til informasjon om organisasjonane. 

VIKTIG FRIVILLIGHEIT: – Det er viktig å syne at me finst, slik at også fleire vurderer å bli med i Røde Korps Hjelpekorps og Norske Redningshunder, seier Monika Lysne.
VIKTIG FRIVILLIGHEIT: – Det er viktig å syne at me finst, slik at også fleire vurderer å bli med i Røde Korps Hjelpekorps og Norske Redningshunder, seier Monika Lysne.

– Det er kjekt å stå her å spreie påskestemning. Eg håpar folk tek med seg informasjonen og tenkjer at det hadde vore kult å vera med som medlem, seier Monika Lysne, som er leiar i Lærdal Røde Kors Hjelpekorps og hundførar i Norske Redningshunder.  

– Nokre forsvinn då dei ser oss, mens andre blir ståande for å prate. Folk er travle i dag og det virkar som dei har tenkt seg til fjells, seier Aleksander Offerdal. 

Kos deg, men vis omsyn

Hjelpekorpset får også fleire spørsmål etter aksjonen sist helg, der eit turfølgje var sakna men funnen i god behold.

Lysne oppmodar folk om å koma seg ut og kosa seg i påska. Likevel minnar ho om å følge med på vêrmeldingane og ta omsyn når du er ute i terrenget. 

– No ligg snøskredfaren på faregrad to av fire. Mange tenkjer nok at det då er trygt å ferdes i fjellet, men tek du sjansar og ikkje tek omsyn, kan det lett gå liv, fortel ho. 

Les også: Med snute for å redde liv

Medlem i mindre enn ei veke

Turid Valdemarsdotter vart med i Lærdal Røde Kors Hjelpekorps tidlegar i veka. 

NYVERVA MEDLEM: Turid Valdemarsdotter i aksjon utanfor Kiwi på Lærdalsøyri onsdag.
NYVERVA MEDLEM: Turid Valdemarsdotter i aksjon utanfor Kiwi på Lærdalsøyri onsdag.

– Kvifor valde du å melde deg inn?

– Det er for å bli kjent med folk og eg tykkjer det er kjekt å vera ute i fjellet. I tillegg ser eg det som ein bonus å lære språket betre, fortel Valdemarsdotter. 

Lysne fortel at Lærdal Røde Kors Hjelpekors har ein god fordel av å ha med seg folk frå helse- og omsorgssektoren og frå Lærdal sjukehus i organisasjonen. 

– Når me er ute på aksjonar ser me nytten av å ha med oss folk som kan meir enn berre førstehjelp, seier Lysne.

Til toppen