GJER SOM MADONNA: Yoga-kurset i ungdomshuset i Seimsdalen var smekkfullt av deltakarar. Foto: Sunniva K. Øvstetun.
GJER SOM MADONNA: Yoga-kurset i ungdomshuset i Seimsdalen var smekkfullt av deltakarar. Foto: Sunniva K. Øvstetun.

Spreke årdøler gjer som Madonna

Laurdag møtte om lag 20 spreke årdøler opp i Helgatun ungdomshus i Seimsdalen for å få eit lite innblikk i yogaen si verd. 

Nybyrjarkurset vart arrangert i regi av Seimsdal ungdomslag, og målet var at deltakarane skulle lære yogaøvingar som dei seinare kan gjera på eigahand.

Trendy

Yoga har gått frå å vere ein del av ein fleire tusen år gamal religiøs praksis i Sør-Asia, til å verte eit Hollywood-must fronta av kjendisar som Madonna og Gwyneth Paltrow.

I dag er yoga ein populær treningstrend som både 40-åringar og andre trykkjer til sitt bryst – med djupe inn og utpust.

Ingunn Skjelbreidalen frå Seimsdal ungdomslag seier til Porten.no at yoga har vorte trendy og at interessa for kurset var stor.

– Yoga er truleg noko alle har høyrt om, men alle veit kanskje ikkje heilt kva det er og kva det går ut på. Ungdomslaget ynskte difor å halde eit nybyrjarkurs sånn at fleire skulle få ein liten smakebit av kva det er.

– Målet var at deltakarane skulle lære ein yogaserie som dei seinare kan gjere på stovegolvet heime, og gi dei motivasjon til å gjere nettopp det.

– Yoga har vorte svært populært, og då styret i ungdomslaget fekk høve til å hente inn ein profesjonell instruktør for å halde kurs, var svaret sjølvsagt ja, seier Skjelbreidalen.

Profesjonell instruktør

Instruktør for dagen Solveig Skjelbreidalen er yogalærar ved den store treningskjeda SATS i Oslo. Ho er utdanna fysioterapeut og har jobba som personleg trenar.

Skjelbreidalen har med andre ord lang erfaring innanfor yoga, og gav kursdeltakarene tett oppfølging under dagens kurs. 

På kurset fekk deltakarane lære ein tilpassa type Ashtanga-yoga. Dette er den same typen yoga som har haldt Madonna ung i fleire tiår.

Ashtanga-yoga er ei yogaform som i stor grad inneheld styrketrening og smidigheitstrening i staden for meditasjon. 

Overveldande interesse

Eit av måla til instruktør Skjelbreidalen var at ho i laupet av dagens kurs skulle kunne hjelpe kvar og ein av deltakarane med både å dytte, tøye og dra.

Difor vart det sett opp 15 plassar på nybyrjarkurset, men det synte seg at langt fleire var interesserte. Interessa var så stor at det vart sett opp ventelister.

– Interessa for yogakurset var over all forventning, og oppmøtet var supert. Dersom det er interesse for det, så kan me få til eit nytt yogakurs når våren kjem.

Til toppen