Etter den siste salva vart sprengt var det ei lita markering oppe på fjellet ved vatnet blant dei som var med på arbeidet. Dette er ein sidetunnel som går frå hovudtunnelen og opp i Randalen, der salva vart avfyrt.
Etter den siste salva vart sprengt var det ei lita markering oppe på fjellet ved vatnet blant dei som var med på arbeidet. Dette er ein sidetunnel som går frå hovudtunnelen og opp i Randalen, der salva vart avfyrt. (Foto: SFE)

Sprengde siste salve i Østerbø kraftverk

Ein milepæl vart nådd i prosjektet med Østerbø kraftverk fredag. No ligg alt til rette for at kraftverket kjem i gang som planlagt til hausten.

Østerbø: – Vi har planlagt denne salva sidan månadsskiftet oktober/november. Den har vore godt og nøye planlagt. Det har lagt inne på tidslinja vår i fem år at vi skulle sprengje no i januar, fortel byggjeleiar for SFE, Per Egil Eide. 

Fredag sprengde dei inn til hovudmagasinet i kraftverket i Nykjevatn, noko som er ein viktig milepæl i prosjektet. 

– Det er den viktigaste salva i heile prosjektet, og den gjekk veldig bra, seier Eide. 

Einaste på den djupna

Østerbø kraftverk

  • Arbeidet med Østerbø kraftvert vart starta våren 2017
  • Totalt er det laga 7,5 kilometer med tunnelar inne i fjellet. Sjølve kraftstasjonen ligg 500 meter inne i fjellet. 
  • Prosjektet skal forsyne kring 8000 husstandar med straum og er leia av SFE produksjon i samarbeid med BKK produksjon. 

Innslaget inn i Nykjevatn ligg på 80 meter under vassoverflata. Ifølgje Eide er det ikkje ofte dei sprengjer så djupt under overflata no for tida. 

– Det er sjeldan at ein sprengjer på dennne djupna, seier byggjeleiaren. 

25 personar var involverte i salva og var i arbeid på same tid for at alt skulle lukkast. Det var sju meter frå tunnelen til vatnet. 

– Vi fekk skikkeleg hol og vatnet strøymde som det skulle, seier Eide nøgd. 

Årsaka til at det vart sprengt så djupt under vassoverflata, er at fjellet var dårleg. 

– Vanlegvis er ei gjennomslagssalve på 4–5 meter under overflata, seier Eide. 

Feiring etterpå

Dei sprengde inn til hovudmagasinet i kraftverket i Nykjevatn, noko som er ein viktig milepæl i prosjektet.  Foto: SFE

Då salva var skoten, var det først ei lita markering oppe på fjellet ved vatnet blant dei som var med på arbeidet. Etterpå var det mat og sosialt lag i kantina på Østerbø der alle som har vore involverte i prosjektet var med, frå entreprenørar og byggherrar til lokalbefolkningen. 

No er det ikkje nokon større utfordringar att, og alt ligg til rette for at kraftverket kan starte produksjonen i oktober eller november.

Til toppen