TELEFONAR: Sjukehusa i Helse Førde opplever å få mange telefonar frå pasientar som lurer på når dei får time igjen.
TELEFONAR: Sjukehusa i Helse Førde opplever å få mange telefonar frå pasientar som lurer på når dei får time igjen. (Foto: Helse Førde/Arkiv)

Sprengt telefonkapasitet hos Helse Førde: – Ikkje ring oss, vi ringjer deg

Helse Førde ber alle som har sjukehustime om å vente til dei vert kontakta.

Sogn og Fjordane: Det vart nyleg opna for at sjukehusa kan ta mot fleire pasientar igjen etter at beredskapen vart senka til grønt nivå.  Etter dette har enkelte poliklinikkar i Helse Førde opplevd stor pågang frå folk som vil vite når dei får time.

Mange har tidlegare fått utsett planlagde sjukehustimar som følgje av koronaberedskapen.

– Det er ikkje naudsynt å ringje inn til oss. Vi vil setje opp ny time til alle som har fått utsetjing, og vi kontaktar alle eit par dagar før timen, seier fagdirektør Trine Vingsnes i Helse Førde. 

I tillegg får ein varsel om timen på SMS. 

Pasientane som vert kontakta av sjukehuset vil blant anna få ein del kontrollspørsmål om  eventuell korona-smitte. 

Årsaka til at Helse Førde ikkje ønskjer store mengder innkommande samtalar, er at dette medfører stor belastning på personalet. Deira primære oppgåve er no å ringje ut til folk som har fått tildelt time på sjukehuset dei næraste dagane.

Til toppen