IVRIGE: Måndag hadde elevar frå Farnes skule aktivitetsdag på Ytre Moa, der dei sprang rundar, og for kvar runde fekk dei 1 kroner. Pengane som vert samla inn går rett til sansehagen som skal koma ved Årdal sjukeheim. 

Spring for ei god sak

Elevane ved Farnes skule samlar inn pengar til sansehagen som skal koma ved Årdal sjukeheim.

Årdal: Måndag var aktivitetsnivået høgt på Ytre Moa, då 1. til 4. klasse hadde aktivitetsdag. Men det var ikkje berre leik og moro. Her skulle det også samlast inn pengar til ei god sak.

– Me har gjort ein vri på opplegget. Ungane skal nemleg tene pengar til sansehagen som skal koma ved Årdal sjukeheim. Det er eit godt føremål, og det er kanskje nokre som har besteforeldre eller oldeforeldre som nyttar seg av tilbodet, fortel Kjellfrid Gustavsen, som er lærar ved Farnes skule.

Sjå fleire bilete nedst i artikkelen.

Skulen har gjort avtale med fleire bedrifter i Årdal som bidrar med 1 krone per runde kvar elev spring. Og det kan fort bli litt av ein sum å betale.

– Du ser det, dei spring og spring. Det er litt heitt i dag, så nokre er slitne, men dei ivrigaste har eg notert fem-seks rundar på, smiler Gustavsen og fortel at mellomsteget skal i aksjon seinare denne veka. 

Aukar livskvaliteten

Mette Kleiva, som er avdelingsleiar ved Årdal sjukeheim, synest det er flott at elevane ønskjer å bidra på denne måten. 

– Ein sansehage er eit flott tiltak til dei som bur hjå oss. Her blir det ein sti inni hagen med ulike postar med grønsker, blomar, gapahuk med bålpanne og fontene, fortel Kleiva. 

– Fordelen med ein slik hage er at området er avsperra slik at me kan sleppe pasientane ut, og dei kan bevege seg trygt utan at det oppstår faresituasjonar. Det aukar livskvaliteten deira.

Det er tidlegare sagt at sansehagen skal opna i løpet av juni. Bedriftene som bidreg er Indre Sogn Sparebank, Indre Sogn Bil, Impec, Nettbuss, Sunde Resirk og Hydro.

Elevar spring for å samla inn pengar til sansehagen.

Elevar spring for å samla inn pengar til sansehagen.

Elevar spring for å samla inn pengar til sansehagen.

Elevar spring for å samla inn pengar til sansehagen.

Til toppen