VASSETUR: Delar av Lærdal sentrum var dekt av vatn då det var springflod tidlegare i veka.
VASSETUR: Delar av Lærdal sentrum var dekt av vatn då det var springflod tidlegare i veka. (Foto: Jan Christian Jerving)

VEKAS FOTO

Springflo dekte deler av Lærdal sentrum

På vekas foto kan ein sjå springflo på Løytnantsbrygga i gamle Lærdalsøyri.

Lærdal: Vekas foto er teke av Jan Christian Jerving. Då han såg at det skulle vere springflo, var ikkje noko anna å gjere enn å kome seg ut på fotoferd snarast.

– Eg såg at det var meldt springflo, og det er jo ikkje ofte det er meldt. Så då reiste eg rett ned i sentrum for å ta bilete med ei gong, seier Jerving som beskriv seg sjølv som ein ivrig hobbyfotograf. 

– Ein kunne sjå kor tydeleg springfloden var. Det var nok eit par av husa på Løytnantsbrygga som fekk ein del vatn i kjellarane sine. 

Skumringstimen er favoritt tida for fotografering

Bilete er teke på Løytnantsbrygga på gamle Lærdalsøyri, og ein kan sjå nokre av dei  gamle bygningane som har vatn nesten heile vegen inn. Framfor dei vassar ein unge i vatnet som dekka parkeringsplassen ein vanlegvis kan sjå utanfor dei kjende bygningane. 

– Det var heilt tilfeldig at ungen gjekk der når eg knipsa biletet, seier Jerving. 

Det er ikkje fyrste gong Jerving er på fotoferd i bygda. Han fortel at han er spesielt glad i å knipsa når det er eit litt spesielt lys ute. 

– Eg er mest glad i naturfoto. Særleg i skumringstimen, gjerne ein time før det vert lyst på morgonen, tykkjer eg at det er ekstra spanande å fotografere. 

Til toppen