Sprudlande damer skåla for ein suksessfull kveld  

Det tok ikkje mange timane før gjestelista var smekkfull då Vivendi arrangerte jentekveld med gåvedryss, moteframsyning og "bli ny" dag i Lærdal. 

Lærdal: Berre 80 sprudlande og heldige damer rakk å sikra seg plass på gjestelista då Vivendi arrangerte jentekveld i Lærdal førre veka. Pågangen var så stor at butikkleiinga måtte setja opp ventelista for dei som ikkje var tidleg nok ute. 

 – Me ønskjer at Vivendi ikkje berre skal vera ein butikk, men ein sosial møteplass i Lærdal, seier Kathrine Nygård, leiar på Vivendi. 

Les også: Ny vri på Vivendi

Det er femte gongen det vert arrangert jentekveld på Vivendi. 

Vil inspirera 

– Jentekveld er ein fin anledning til å visa fram kva me har i butikken av klede og tilbehør, samstundes som me håpar på å gi kundane litt inspirasjon, seier Nygård. 

Høgdepunkta for kvelden var den tradisjonelle moteframsyninga, trekning av "bli ny" og gåvedrysset av godsaker som nokre heldige damer fekk ta med seg heim frå kvelden. 

Les også: Feiande flott moteoppvisning i Lærdal

Den kjende foredragshaldaren Rasmus Mo frå Sogndal var også invitert for å inspirera damene til å tørra å vera seg sjølve. 

– Rasmus hadde eit flott og innhaldsrikt innslag. Det fekk nok mange til å tenkja seg litt om. Han prata mykje om det å tørra og vera seg sjølv og korleis ein kan vera den beste versjon av seg sjølv. Han snakka også om korleis ein kan få andre til å føla seg vel, og dermed føle seg vel sjølv, seier Nygård. 

Mo drog også fram det faktum at det er naudsynt å sjå andre, gi dei eit smil og skapa gode relasjonar.

Framsnakka byga

Rasmus Mo drog parallellar mellom Lærdal og Sogndal. Til dømes korleis ein er med på å framsnakka kvarandre i eit lite bygdesamfunn. Til dagleg jobbar Mo i Sogndal Fotball.

– Han nemnde omdømmebygging, med tanke på at me bur i ei lita bygd som Lærdal. Kor viktig det er at me tenkjer oss om og snakkar positivt om bygda og folka her, seier Nygård. 

Det er innbyggjarane sitt ansvar å støtte opp om lokal handel om dei vil ha det skal vera eit tilbod i kommunen. Utan dei, hadde det ikkje vore noko butikkar i bygda. 

– Han leverte eit kjempeflott foredrag med mykje humor, sjølv med eit litt alvorlege tema, forklarar Nygård. 

Full trøkk frå dag ein

Oppslutninga rundt arrangementet har vore utruleg bra. Slik har det vore frå fyrste dag. 

– Tydlegvis har me treft bra på opplegget me køyrer desse kveldane. Det er nok ei god blanding av at me har det kjekt og sosialt, fine klede og litt bobler i glaset. Uansett så er det utruleg kjekt for oss som lagar til desse kveldane. Me set stor pris på at så mange vil koma og på dei fine tilbakemeldingane. Eg og resten av gjengen i Vivendi er ydmyke og takksame, seier Nygård. 

Butikkeigaren trur nøkkelen til suksessen er at dei har fleire bein å stå på og at butikken har eit breidt og variert vareutval. 

Ho er spent på framtida, men føler at butikken har funne sin "eigen veg" etter å ha drive på å fleire år. 

– Ein må prøve og feile litt undervegs. Så må ein justere litt etter kvart. Eg håpar folk set pris på det Vivendi kan tilby og dermed nytta seg av butikken. Eg tenkjer at me har mange fine år framfor oss, avsluttar Nygård. 

Engasjerer på sosiale media

Butikken har gjort ein god jobb med å marknadsføra seg på sosiale medium som Facebook og Instagram. Her har lokale damer og jenter stilt opp for å syna fram kleda i butikken. 

– Det fungera svært godt for oss og det er tydeleg lett å engasjere folk på Facebook. Her legg vi ut bilete frå butikken, nyheiter og arrangement, seier Nygård. 

Les også: Korleis bli meir synleg på nett?

I tillegg til klesbutikk, finn ein også ein frisørsalong i lokala. Nygård er sjølv utdanna frisør, men seier at det kan bli svært travelt til tider og dei lenge har prøvd å finna ein dyktig frisør som vil vera med på laget. 

– Ellers har me mykje interiør og eit godt utvalg av Nicholas Vahe som har mykje godt krydder, syltetøy, diverse søtsaker og andre spennande ting med gode smakar. 

Inne i kafeen er det laga til ein liten kafe der det er sett opp stolar og bord slik at folk kan slå seg ned å ta ein kaffepause under handlinga. 

– Me ønskjer å vera ein møteplass for kundane våre. Her serverar me kaffe, lokal bringebærlimonade frå Frigard og belgisk konfekt, seier Nygård. 

Det siste året har butikken også slått seg saman med Tya Bakeri frå Årdal, og serverar bakevarer torsdagar og fredagar. 

Les også: Går over all forventning med Tya Bakeri

Flinke til å støtta butikken

Leiinga i butikken meiner det er viktig å tilpassa vareutvalet etter kva kundane sjølve vil ha. 

– Service er også viktig. Ein må prøve å skapa ein spennande butikk med ei atmosfære som gjer at kunden ønskjer å koma tilbake. Rett og slett gi kunden ei god oppleving, seier Nygård. 

Det er naudsynt for butikken at dei lokale støttar opp om dei tilboda dei har. Om folk ikkje er flinke nok til å tenke lokalt når dei skal handla, vil det gå ut over mangfaldet av tilbod i bygda. 

– Ønskjer folk å behalda det me har, må alle og ein tenkja seg om. Men det skal seiast at veldig mange er flinke til nettopp det. Me har mange kundar som kjem innom som seier at dei til dømes skal på tur, eller har vore, men at dei vil innom å sjå kva me har før dei eventuelt handlar andre stader, seier Nygård. 

Til toppen