TVANG: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) svingar pisken i nokre tilfeller – åtte storkommunar blir til ved at minst ein part blir tvinga inn i konstellasjonen. Arkivfoto
TVANG: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) svingar pisken i nokre tilfeller – åtte storkommunar blir til ved at minst ein part blir tvinga inn i konstellasjonen. Arkivfoto

Stadfesta at kommunar bli slegne saman med tvang

Åtte nye storkommunar bli slegne saman der minst ein av partane er mot samanslåing – Det stadfesta regjeringspartia og støttepartia i ei pressekonferanse onsdag morgon.

Sogndal/Leikanger/Balestrand: – Dette er eit unntak, og me har brukt den moglegheita som ligg i avtalen. Og slik blir også resultatet, sa Jan Tore Sanner, kommunal- og moderniseringsminister under pressekonferansen onsdag morgon. 

Det han snakka om, var at regjeringa med eit stortingsfleirtal i ryggen tvingar saman nokre kommunar som har stortingsvedtak på det motsette. Kva kommunar det er snakk vart heller ikkje under pressekonferansen kommunisert ut, men talet kunne Frank Jenssen (H) røpa:

– I åtte konstellasjonar viker me frå det kommunestyret har gått inn for. Dette er unntak. Venstresida er opptekne av å varsla omkamp og moglegheit for å reversera prosessen, men no må kommunane få finna roen.

– Det er ein framtidsretta reform, og me er berre i starten

Og lista over nye storkommunar der tvang er brukt, og som fleire media har publisert det siste halve døgnet består av nettopp åtte nye storkommunar. Den eine på lista er altså Sogndal, Leikanger og Balestrand.

Les også: NRK: Regjeringa har sikra fleirtal for bruk av tvang

KrF skal ikkje stilla seg bak tvangssamanslåinga, men partiet sin Geir Toskedal var elles svært så positivt innstilt under pressekonferansen:

– Det er ein framtidsretta reform, og me er berre i starten. Eg takkar for eit godt og veldig interessant samarbeid som er til det beste for landet, sa han, med adresse regjeringspartia og Venstre.

Det vart også klart at det ikkje blir tvangssamanslåingar i regionreforma for Vestlandet sin del, med andre ord er det den friviljuge prosessen om region med Hordaland som er gjeldande for Sogn og Fjordane sin del.

Frå 428 til 358

Elles kom det fram på pressekonferansen at det vil bli 358 kommunar i Noreg med dei samnaslåingane som ligg føre no – dette talet er noko lågare enn det som har versert siste døgnet, då har det vore tale om 363. I dag er det 428 kommunar i Noreg.

Jan Tore Sanner streka under fleire gonger at det vil bli slik regjeringa no legg opp til – altså at dei tvangssamanslegne kommunane berre må innfinna seg med dei nye realitetane

– At det kunne gjerast unntak frå frivilligheitslinja var også Ap med på i 2015. Difor har me sagt at i tilfeller der til dømes ein kommune midt i ikkje vil slå seg saman med naboane på kvar side, likevel må slå seg saman. Elles blir det kjærleik utan grenser.

I Sogn ønskjer verken Balestrand eller Leikanger å slå seg saman med nokre av naboane, berre Sogndal har vedtak i kommunestyret på samanslåing. Dette kommenterte ikkje Sanner.

 

Til toppen