HENTAR RUTINE: Sportsleg leiar Håvard Flo poserer med nysignerte Kjetil Wæhler og Espen Næss Lund. Foto: Rune Sjøberg.
HENTAR RUTINE: Sportsleg leiar Håvard Flo poserer med nysignerte Kjetil Wæhler og Espen Næss Lund. Foto: Rune Sjøberg.

Stadfesta: Sogndal henter lassevis med rutine til midtforsvaret

– Eg vil takka dei for at dei hjelper oss i denne situasjonen med mange skader, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Sogndal: Sogndal Fotball stadfester at dei har signert dei to midtstopparane Espen Næss Lund (32) og Kjetil Wæhler (41).

– Me er veldig glade for å ha desse to på plass. Sjølv om dei ikkje har spelt for klubb sidan i fjor, har begge holdt seg i god form. Med sin rutine kjem dei til å bidra godt på treningsfeltet, i garderoben og i kamp, seier sportssjef Flo til klubben sine eigne nettsider.

SYMBOLSK: Kjetil Wæhler får alderen som draktnummer.
SYMBOLSK: Kjetil Wæhler får alderen som draktnummer.

Spelarane har signert ut sesongen. Begge var kontraktslause og kjem gratis. Bakgrunnen for hastekjøpa er den akutte skadekrisa i midtforsvaret til Sogndal. Begge dei faste stopparane, Bjørn Inge Utvik og Cristophe Psyche, er ute med langtidsskadar.

Espen Næss Lund var i fjor kaptein på opprykkslaget Kristiansund, men han var plaga med skadar og fekk ikkje fornya kontrakt. Han spelte for Sogndal frå 2011 til 2013, med eit låneopphald for Strømmen i 2012.

Kjetil Wæhler har drøssevis med eliteseriekampar, har vore utanlandsproff i Sverige, Danmark og England og har 32 A-landskampar for Norge. I Sogndal får han trøye nummer 41, det same som alderen hans.

–  Me er sikre på at Espen og Kjetil vi bidra sterkt og godt inn i klubben og spelargruppa. Med sine erfaringar på og utanfor bana har dei dei beste føresetnader for å bidra på ein god måte framover, seier Håvard Flo.

Til toppen