FÆRRE SKADAR: Så langt i år er det registrert cirka 660 rovviltskadar på sau i Noreg, færre enn dei allereie rekordlåge tala frå dei siste to åra, opplyser Miljødirektoratet.​ Arkivfoto.
FÆRRE SKADAR: Så langt i år er det registrert cirka 660 rovviltskadar på sau i Noreg, færre enn dei allereie rekordlåge tala frå dei siste to åra, opplyser Miljødirektoratet.​ Arkivfoto.

Stadig færre sauer blir skadd av rovdyr

Så langt i år er det registrert cirka 660 rovviltskadar på sau i Noreg, færre enn dei allereie rekordlåge tala frå dei siste to åra, opplyser Miljødirektoratet.

Indre Sogn: – Per 1. august er det påvist 20 prosent færre skadetilfelle enn på same tid i 2015. Vi ser ein klar nedgang for alle rovviltartar, bortsett frå bjørn, som har gjort betydeleg meir skade enn i fjor, seier seksjonsleiar Lars Bendik Austmo i Statens naturoppsyn (SNO).

Tap forårsaka av bjørn, jerv, gaupe, ulv og kongeørn gir dyreeigarar rett til erstatning.

Samanlikna med fjoråret viser tala per 1. august nesten ei halvering av registrerte skadar gjort av ulv (181), jerv (49) og kongeørn (78). Det er registrert cirka 240 bjørneskadar, og det er ein auke på 80 prosent. Gaupeskadane har gått ned frå 118 i 2015 til 88 i 2016.

– Det er ikkje like lett å finne kadaver etter alle dei ulike rovviltartane. Av erfaring veit vi at ein større del av husdyr drepne av ulv blir funne enn for eksempel dei som er tatt av jerv. Gaupe og jerv er dei artane som det blir erstatta flest sau etter i Noreg, opplyser Austmo.

Sjølv om dei førebelse tapstala på landsbasis har gått ned, understrekar han at beitesesongen ikkje er over. Jerven gjer mest skade frå august sidan han hamstrar mat til vinteren. Ekspertar meiner derfor tapa kan reduserast ytterlegare i ein del område om sauene blir sanka tidlegare. (©NPK)

Til toppen