Flåm: 926 500. Så mange menneske reiste med Flåmsbana i 2016. Aldri før har så mange reist med den populære turistattraksjonen i løpet av eitt år.
Og no merkar reiselivet i Aurland at stadig fleire også finn vegen til Sogn om vinteren. I desember auka trafikken på Flåmsbana med 33 prosent samanlikna med julemånaden året før.
– Berre i julehelga mellom vesle julaftan og 1. nyttårsdag hadde me 2500 reisande, så det byrjar å bli betydeleg tal ut av det, seier driftssjef Sivert Bakk.

Viktig for heilårsarbeidsplassar
Det er stort sett berre Holmenkollen i Oslo og Fløibanen i Bergen som kan skilte med liknande tal som Flåmsbana i Noreg. Når ein no ser ut til å lykkast med å dra turistar i vinterhalvåret også, er det eit viktig bidrag til lokalsamfunnet.
– Heile desember er jo ein dårleg dag om sommaren for vår del, men det betyr mykje for heile området, for bedrifter med heilårsarbeidsplassar. Ser ein oktober til april under eitt, vert det betydelege tal. Her er ein i ferd med å nærma seg 100 000 besøkande, og då er det i ferd med å gi utslag på økonomien, seier Bakk.
Han meiner eit godt salsarbeid som har pågått i 20 år er hovudårsaka til at stadig fleire finn vegen til Flåm om vinteren, men også andre faktorar spelar inn.
– Auken me ser no er mykje på grunn av kronekurs. Det ser ein over heile Noreg. Dessutan er det uro i verda, og Nord-Europa er ein av få plassar ein kan reiser til som det ikkje er stor terrorfrykt, forklarar han.
Tilbod til turistane
Skal ein drive heilårsturisme, må ein også tilby aktivitetar til turistane. Ved å auke til to avgangar dagleg på fjorden mellom Flåm og Gudvangen, ribbturar heile året, buss til Stegastein og opne hotell og kafear, for å nemne noko, er det heilt klart noko å finne på for ein som besøker bygda for første gong.
– Så det er tilbod både for dei som overnattar eller berre skal vere her nokre timar. Det er viktig. Tilbodet må vera der for at turisten skal koma.
– Kva tankar har du om årets sesong?
– Me er avhengig av kronekurs. Oljeprisen er på veg opp og gir utslag på krona, ser me, så dersom me klarar å kopiere 2016, skal me vera veldig nøgd, svarar Bakk.