UTLEIGE: Årdal Jeger og Fiskeforeining leiger ut hytter på nettsida inatur. Illustrasjonsfoto. 
UTLEIGE: Årdal Jeger og Fiskeforeining leiger ut hytter på nettsida inatur. Illustrasjonsfoto. 

Stadig fleire ønskjer seg eit enkelt hytteliv

Ei fiskehytte utan innlagt vatn og straum tiltrekk stadig fleire nordmenn. Berre i Årdal har utleige av slike hytter dobla seg siste åra, fortel Årdal Jeger og Fiskerforening.

Årdal: Fleire og fleire får auga opp for det enkle hyttelivet.  Inatur er ei nettside der du kan leige hytter, nær jakt, fiske og friluftsliv. Dagleg leiar for inatur.no, Morten Pedersen, seier veksten har auka kraftig dei tre siste åra. 

Pedersen konstaterer at ei god gammaldags hytte ved eit godt fiskevatn tydlegvis er draumen for stadig fleire nordmenn. 

Det kan Årdal Jeger og Fiskerforeining skrive under på. Etter at dei byrje å bruke nettstaden, har utleigetalet dobla seg.

– Det har vore ein stor auke sidan me byrja å bruke nettsida inatur. Me snakkar mange hundre prosent, seier Roger Jensen, som er leiar for hytteutvalet i Årdal Jeger og Fiskerforeining. 

Ni hytter i fjella 

Jensen fortel at dei tilsaman har ni hytter plassert ulike stader på fjellet. 

Hyttene ligg ved Mannsbergvatnet, Trollsjøen, Vasspollane, Buvatnet, Kyrkjevatnet, Kvannetjødni, Krekavatnet og Sletterustvatnet. 

– Det er to hytter ved Mannsbergvatnet. Den eine er heilt ny og den synast eg er veldig flott. 

Han legg til at den ved Buvatnet også er ganske ny. 

– Under stormen Dagmar gjekk hytta ved Skogsvatnet med og den skal no setjast opp igjen. Dette vil seie at me då får ti hytter til utleige. 

Hytter i flott natur

Jensen tilrår folk om å lese om hyttene på nettsida inatur. Der er det blant anna informasjon om korleis ein får nøkkelen til hytta ein skal leige og kva som finnast i hytta. 

Der er også fine bilete både av hytta og naturen omkring.  

Populære

Både lokale og utanbygdes har leigd hyttene tidlegare, men Jensen fortel at det er flest utanbygdes som leiger der. 

Hyttene har vore svært populære i sommar og er ganske oppbestillt dei siste vekene av ferien. 

– Gå inn på nettsida inatur for å sjekke om det er ledige hytter. Det er ganske fullt i sommar, men det er nokre få dagar ledig i august. Elles ser september ganske ledig ut, avsluttar Jensen. 

Til toppen