STIKK AV FRÅ KONTROLL: Kontrollørane ved Håbakken kontrollstasjon opplever at stadig fleire bussar stikk av frå kontroll, men manglar ressursar til å hente dei inn.
STIKK AV FRÅ KONTROLL: Kontrollørane ved Håbakken kontrollstasjon opplever at stadig fleire bussar stikk av frå kontroll, men manglar ressursar til å hente dei inn. (Foto: Arkiv)

Stadig fleire stikk av frå kontroll, Vegvesenet: – Manglar ressursar til å henta dei inn

Turistbussjåførar må følgja tette program, noko som ofte resulterer i brot på køyre- og kviletida. Mange vel dermed å unnlata å møta til kontroll på Håbakken.

Lærdal: Håbakken kontrollstasjon har sidan 2009 kontrollert tunge køyretøy. I sommar har dei støtt på ei utfordring, nemleg at fleire stikk av frå kontroll. 

Statens vegvesen har bitt seg spesielt seg merke i det oftast er turistbussane som unnlét å møta til kontroll.

– Kvar sommar opplev me ein auke i turistbussar som stikk av. Eg trur ein del av det ligg i at bussjåførane må følgja eit stramt program, og så har dei guidar som pressar litt på som gjer at dei køyrer forbi, seier Frode Hålien, kontrollør for vegvesenet ved Håbakken.

Hålien: – Auke om sommaren

Vegvesenet opplyser at det er utfordrande å skulle henta inn dei som stikk av, spesielt no når det er sommar. 

– Me hentar inn nokre, men me klarar ikkje alle. Tysdag henta me ikkje inn ein einaste ein, og det stakk iallfall to, seier Hålien og legg til:

– Om sommaren er det forholdsvis tett trafikk, og me har ikkje blålys. Så viss me får fire-fem personbilar mellom kvar buss og vogntog, har me ikkje sjans.

Manglar ressursar

Ifølgje Hålien har dei registrert at fleire bussar køyrer forbi tidleg om morgonen. Difor har kontrollørane brukt å stilla seg i rundkøyringa mellom Lærdal og Lærdalstunnelen for å stogga dei. 

– Tysdag i førre veke stod me i rundkøyringa, og då tok me fire personar som stakk av. Det er ein måte å gjera det på, men då krev det litt, seier han. 

Vanlegvis er det om lag to kontrollørar under kontrollane, men dersom dei skal bruka tid på å henta inn sjåførar som ikkje svingar inn til kontroll, må dei vera fleire. 

– Då må me vera fire eller fem, og det er ressursar me ikkje har i kvardagen, sler han fast.

Hålien: – Bussjåførar har oftast brot på køyre- og kviletid

Det kjem ofte fram under kontrollar på Håbakken at bussjåførar bryt reglane for køyre-

Vekekvile

Sjåførar har lov å jobba seks dagar i strekk før dei må utføre vekekvile på 45 timar. 

Vekekvila kan minimerast til 24 timar dersom sjåføren er vekke frå heimstaden sin.

Kvar andre veke sjåføren utføre ein full vekeskvile på 45 timar.  

og kviletid, spesielt vekekvilen.

Hålien meiner dette er grunna det tette programmet som spesielt turistbussjåførar må følgja.

– Dei rekk ikkje å ta vekekvilen sin. Til dømes avslutter dei ei gruppe i København og så skal dei plukka opp ei ny gruppe i Stockholm. Då må dei flytta bussen til Stockholm, og då blir det gjort i vekekvilen, seier Hålien.

Han legg vekt på at det oftast gjeld utanlandske bussar med sjåførar frå til dømes Litauen og Latvia, og seier det er heilt klart kostbart å senda nye sjåførar for å ta over ei gruppe. 

Tysdag avdekka Håbakken at tre bussjåførar hadde brote køyre- og kviletida under kontroll. Dei var alle pålagde å utføra kvile i Lærdal, og to av dei hadde brot på vekekvilen og vart meld til politiet.

Til toppen