FISKENASJON: Fisken ein får i Noreg, er blant den beste i verda, likevel et vi mindre av han. Foto: Cornelius Poppe / NTB
FISKENASJON: Fisken ein får i Noreg, er blant den beste i verda, likevel et vi mindre av han. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Stadig mindre fiskelykke

Fagfolk slår alarm: Vi et stadig mindre fisk. Særleg ungdommen går glipp av store helsegevinstar, og ikkje minst masse god mat.

Nordmenn åt 7 prosent mindre sjømat i 2016enn året før. Ser ein på berre fisk, er nedgangen 13 prosent. I seg sjølv verkar dette kanskje ikkje så veldig dramatisk, men så å seie heile nedgangen kjem av den yngre garde.

– Tala viser ein generasjonseffekt. Medan dei eldre framleis et mykje fisk, har dei yngre langt sjeldnare fisk på menyen, forklarer konstituert landsansvarleg i Noregs sjømatråd, Sara Møllebakken.

Sidan 2012 har sjømatkonsumet blant personar under 34 år gått tilbake med 40 prosent. Dette betyr blant anna at norske 8.-klassingar i gjennomsnitt et 168 gram fisk i veka.

– Det er altfor lite. Til samanlikning et 8.-klassingar 744 gram raudt kjøt og 210 gram søtsaker kvar veke, legg Møllebakken til.

Artikkelen held fram under biletet

FISKENASJON: Fisken ein får i Noreg, er blant den beste i verda, likevel et vi mindre av han.
FISKENASJON: Fisken ein får i Noreg, er blant den beste i verda, likevel et vi mindre av han.

– Auka pris er nok ei delforklaring, men mattrendane i Noreg dei siste åra har handla mykje om for eksempel mexicansk og amerikansk mat som inneheld mykje raudt kjøt, seier Møllebakken.

Liten sushi-effekt

Ho legg til at sjølv om sushi skylte inn over Noreg for nokre år sidan, gir ikkje vår auka appetitt på rå fisk dei store utslaga på totalstatistikken.

– Mange har inntrykk av at det er vanskeleg å lage til fisk og sjømat. Men å steikje ein laksefilet og ha på ein klatt med rømme, for eksempel, er jo gjort i ein fei, seier Møllebakken.

Medan ekspertane anbefaler sjømat til middag to-tre gonger i veka, et dagens ungdom med sine 168 gram mindre enn éin vanleg porsjon (som oftast berekna til mellom 200 og 400 gram).

– Det er ikkje ei heldig utvikling dersom vi erstattar fisk med kjøt. Fisk og sjømat er ei viktig kjelde til ei rekke næringsstoff som er bra for helsa vår, forklarer klinisk ernæringsfysiolog Mari Helene Kårstad ved Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Artikkelen held fram under biletet

SUPERENKELT: Å trylle frem ein førsteklasses sashimirett er eigentlig utruleg enkelt.
SUPERENKELT: Å trylle frem ein førsteklasses sashimirett er eigentlig utruleg enkelt.

Viktig næring

Feit og halvfeit fisk er hovudkjelda vår til omega-3 feittsyrer i kosten, og feit fisk og tran er hovudkjelde til vitamin D. Elles er fisk og sjømat gode kjelder til selen, jod og B12, som alle er viktige for mange funksjonar i kroppen. Selen, for eksempel, inngår i immun- og oksidantforsvaret i kroppen, medan jod har betydning for stoffskiftet og er spesielt viktig for utvikling av nervesystemet hos foster og spedbarn.

D-vitamin er noko mange nordmenn får for lite av på grunn av våre lange periodar med lite sol, så for oss blir det ekstra viktig å ha fisk i kosthaldet.

– Med fisk får ein desse næringsstoffa og fleire til på kjøpet, seier Kårstad og legg til:

– Gå ikkje glipp av spesielt god fisk no i skreisesongen!

Undersøkinga, gjort av analysebyrået GfK, viser at konsumet av fersk filet gjekk tilbake med heile 23 prosent i 2016. Totalt sett har sjømatkonsumet gått frå om lag 90.000 til 84.000 tonn årleg. Det er heller ingen teikn på at trenden vil snu.

– Ein byrjar ikkje automatisk å ete meir sjømat berre ein blir eldre, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd, som har fleire prosjekt og kampanjar på gang for å auke bruken av fisk i det norske kjøken.

Kokkens tips

NÆRING: Det er dei unge som et minst fisk, og dermed går glipp av viktige næringsstoff.
NÆRING: Det er dei unge som et minst fisk, og dermed går glipp av viktige næringsstoff.

Ein person som ikkje treng oppfordring om å bruke fisk som råvare, er kokken Jostein Medhus, som har kokkelert både i inn- og utland og er no matfagleg rådgivar ved Kulinarisk akademi.

– Mine kollegaer i utlandet misunner oss tilgangen vi har på fantastiske råvarer. Og på kontinentet er jo det å ete sjømat frå Noreg ein luksus ein berre unner seg ved litt spesielle anledningar. Derfor er det nesten litt utruleg at den yngre garde vel bort fisk, seier Medhus.

Han trur noko av forklaringa må vere manglande kunnskap og dårlege erfaringar.

– Kanskje mange har minner frå barndommen om at sjømat er "måndagsmiddag", at fisk liksom er litt kvardagsleg og stussleg. Men ingen ting er lenger unna sanninga. Det finst enorm variasjon, både i typar sjømat og måtar å lage han på. Og det går jo stort sett mykje raskare å lage fisk enn kjøt, forklarer Medhus.

Han anbefaler eit par enkle, sunne og ikkje minst gode fiskeretter som kan lagast på null komma niks.

– Kjøp skikkelege fiskekaker i butikken og steik litt løk til. Så enkelt kan det gjerast. Noko eg sjølv et mykje av, er sashimi, der eg ganske enkelt skjer rå fisk av sushikvalitet i tynne skiver og lagar ein saus beståande av ein halv lime og ei skei eller to med honning som eg blandar ut i ei passe mengde soyasaus. Det går vel cirka ti gonger raskare enn Grandiosa, seier Medhus.

 

 

Til toppen