Stakk etter å ha køyrd på hjort
(Foto: Jan Christian Jerving)

Stakk etter å ha køyrd på hjort

Funn av ihjelkøyrd hjort på E16 i Lærdal.

Politiet melder på sin Twitter-konto at det har blitt hjort funn av ein påkøyrd hjort på E16 ved Borlaug-krysset.

Men ingen førar har meldt seg, noko som betyr at vedkommande har stukke av frå hendinga og etterlete seg ein ihjelkøyrd hjort i vegbana.

Ikkje å melde frå om slikt er straffbart ifølgje vegtrafikklova, som seier at ein skal varsle dersom ein har køyrd på hjort. Viltnemnda er varsla.

Funn av død og påkøyrd hjort i vegbana i Lærdal. Førar stukke frå staden. Viltnemnda varsla.

Til toppen