PUTTA TO: Truls Hovland visste kor målet stod mot Eid og putta to av i alt seks scoringar mot nordfjordingane. Foto: Siren B. Svortevik.
PUTTA TO: Truls Hovland visste kor målet stod mot Eid og putta to av i alt seks scoringar mot nordfjordingane. Foto: Siren B. Svortevik.

Stålkontroll mot Eid 

Som staute soldatar henta Årdal FK inn tre viktige og kjærkomne poeng frå Eid på Jotun stadion i dag. Årdølene vann 6-2 mot eit lag som ikkje hadde nubbesjanse.

Årdal – Eid 6-2

Årdal FK tok føringa frå kampstart, og gjekk til pause med 3-0 leiing. Andre omgang held fram på same vis, og årdølene vann til slutt 6-2.

Terje Kvam Øvstetun og Truls Hovland scora kvar sine to mål, medan Preben Strypet sette inn eitt. 

Dermed har årdølene klatra over den skumle nedrykkstreken.

Gledar seg til fleire haustkampar

- Det var godt å vinna i dag. No ser me lyst på dei komande kampane våre, seier ein av trenarane, Ivan Øy, til porten.no etter kampen.

- Men de spelte uavgjort mot Eid sist gong de møttes? Kva var annleis denne gongen?

- Det er rett og slett fordi me gjer ting enklare famover, og ikkje minst fordi Preben Strypet er på plass att no i haustsesongen. I tillegg til å scora mål sjølv, gjer han andre bedre.

Preben Strypet nærmar seg storform, og spelte ei viktig rolle på kampen i dag

Stypet nærmar seg storform

Preben Strypet spelte sin første heimekamp etter comebacket, viste musklar og skapte ro i laget.

- Er du nøgd med eigen innsats? 

- Hehe, ikkje så gale, men eg kjenner formen er stigande.

Til toppen