SIGER: Andreas Lerheim Olsen skåra Fjøra sitt femte mål og kunne på det tidspunktet juble for å ha sikra sigeren totalt.
SIGER: Andreas Lerheim Olsen skåra Fjøra sitt femte mål og kunne på det tidspunktet juble for å ha sikra sigeren totalt. (Foto: Youri van der Werve)

Stålkontroll på første plassen: – Me er heile tida på jakt etter å utvikla oss

Fjøra leia Kretsligaen komfortabelt etter storsiger mot Vik.

Fjøra - Vik 7-2

Siste kampen borte mot Årdal endte Fjøra berre med eitt poeng, noko som var det første poengtapet denne sesongen. I dag var dei alt for sterke for Vik og med det har dei tatt tilbake første plassen i Kretsligaen.

– Me visste at det ville bli ein tolmodsprøve, seier trenar Knut Almås etter kampen. 

Les også: 4-3 til Årdal FK etter spennande andreomgang mot Kaupanger

Meir spennande enn nødvendig

Frå start var det som forventa  Fjøra som var det sterkaste laget. Allereie etter tjue minutt hadde laget klart å fått inn to mål. Likevel skulle dagen ikkje bli så lett som forventa. Vik klarte å gjere kampen meir spennande enn forventa ved å skåre etter 35 minutt.

– Dei siste femten minutt i siste omgang er ikkje bra. Heldigvis så heva me oss. I staden for at me dette ned, så gir det målet i mot oss energi.

Andre omgangen starta mykje rolegare og det var etter at Joar Hoberg curla ballen i det lengste hjørnet at ting begynte å skje igjen.

Fjøra fekk moglegheitane, men igjen var det Vik som kom tilbake som dei hadde gjort ein gong før allereie i kampen. Likevel hadde det svært lite å seie for dagens kampbilete, då Fjøra etter det tok over kampen og skåra heile fire mål før dommaren kunne blåse av kampen.

Tilbake på første plassen

– Me gir oss aldri og etter det fjerde målet er det berre eit lag på bana. Me skapar svært mykje denne kampen og kan vere fornøgde med gjennomføringa.

Sigeren mot Vik gjer at Fjøra er tilbake på første plassen og leia med to poeng over Årdal med ein kamp mindre spelt. Likevel har Almås ikkje så stor fokus på plasseringa, men heller på utføringa av spelet.

– Me er heile tida på jakt etter å utvikla oss når det gjeld prestasjonar, måten me ønsker å spela på og kvaliteten det me driv på med. Gjer me det skikkeleg så kjem resultatet av seg sjølv. 

Til toppen