SKUFFA: Ingvild Standnes (H) uttrykte frå talarstolen at ho var skuffa over at Senterpartiet og Venstre gjekk inn for å venta med å gjeninnføra utvalsmodellen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SKUFFA: Ingvild Standnes (H) uttrykte frå talarstolen at ho var skuffa over at Senterpartiet og Venstre gjekk inn for å venta med å gjeninnføra utvalsmodellen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Standnes (H) skuffa over Senterpartiet og Venstre

Høgre-representanten likte ikkje at Senterpartiet og Venstre ikkje ville gjeninnføra utvalsmodellen att. 

Årdal: – Eg er skuffa over Senterpartiet og Venstre. Me hadde jo forhandlingar før valet der det var klinkande klart at me ville gjeninnføra dette, sa Ingvild Standnes (H) i førre kommunestyremøte då den politiske organiseringa vart handsama. 

På møtet fremja derimot Arbeidarparti eit felles forslag med Miljøpartiet dei grøne og Senterpartiet, der dei gjekk vekk frå å gjeninnføra utvalsmodellen på grunn av den økonomiske situasjonen kommunen finn seg i.

Dette forslaget stilte også Kurt Jevnaker (V) seg bak.

UTOLMODIG: Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) meinte Ap var utolmodig etter å få på plass utvalsmodellen, men at økonomien gjorde at det måtte vente.
UTOLMODIG: Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) meinte Ap var utolmodig etter å få på plass utvalsmodellen, men at økonomien gjorde at det måtte vente.

Utolmodige

– Arbeidarpartiet er veldig utolmodige etter å få i gong hovudutvala. Me meiner dette er den beste måten å aktivisere heile kommunestyret og driva politikk. På grunn av den økonomiske situasjonen, der me er på Robek-lista, har me ikkje att utval, noko Ap meiner er beklageleg, sa Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

– Me meiner det er det beste for kommunestyret å få inn att utvalsmodellen, og me er der at så fort me kjem ut av Robek, vil me drøfta økonomisk organisering på nytt, la ho til før ho fremja forslaget på vegne av Ap, MDG og Sp.

Les også: Forundra over snuoperasjonen til Ap i kraftsaka

I 2013 vedtok kommunestyret å leggje ned utvala fram til valet. Resten av perioden har formannskapet behandla desse sakene, og det er blitt innført temamøte for å gje politikarane innsikt i kva som skjer.

Éin million kroner

Ved å gjere ting på denne måten kutta ein vekk ein del byråkrati og sparte pengar. Kostnadsoverslaget for å innføre dette i dag er på underkant av éin million kroner. Det peika Aleksander Øren Heen (Sp) på i sitt svar til Standnes.

FORSVARTE SEG: Aleksander Øren Heen (Sp) innrømte at dei var i forhandlingar om dette, men etter å ha sett prislappen bestemte dei seg for å vente.
FORSVARTE SEG: Aleksander Øren Heen (Sp) innrømte at dei var i forhandlingar om dette, men etter å ha sett prislappen bestemte dei seg for å vente.

– Det er heilt riktig som Standnes seier at me hadde eit stort ønske om det. No har me fått utarbeidd ei sak som klargjer kostnadene, og den millionen har me ikkje i budsjettet. Det er andre ting som er viktigare for oss, og det er først og fremst å koma ut av Robek så fort som råd, svarte han Høgre-representanten.

Standnes på si side meinte det var verdt pengane å få dette på plass igjen.

– Det kostar noko meir, men eg trur årdalssamfunnet vil ha meir att for at modellen blir gjeninnført. Om ein har eit utval nedsett av representantar, trur eg kvaliteten blir betre. Eg er veldig lei for at ein ser ut til å gå imot dette.

Tapt mykje

Alle var nok einige i at dette er vegen å gå, men førebels må økonomien koma på plass før ein skal diskutere dette på nytt. 

– Me har tapt mykje ved ikkje å ha dette. Det handlar om å engasjere dei som er i politikken, men me er ikkje der at me kan tillate oss slingringsmonn. Me må ha dette med oss i bakhovudet, og så får me finna andre måtar å engasjera politikarane på i mellomtida, sa Erling Offerdal (Sp).

Det er venta at Årdal kjem ut av Robek ved utgangen av 2016. Inntil då vil formannskapet halde fram med å handsame saker som før.

Sjå behandlinga av saka her. Spol fram til om lag 35 minuttar.

Til toppen