MEININGAR: Svein Jarle Slinde skriv om superbygdi Sogndal i dette meiningsinnlegget.
MEININGAR: Svein Jarle Slinde skriv om superbygdi Sogndal i dette meiningsinnlegget. (Foto: Privat)

MEININGAR

Stao no pow – superbygdi Sogndal!

«At Sogndal skal vera ein attraktiv plass å etablera seg for folk med topputdanningar frå NTNU, var heilt surrealistisk», skriv Svein Jarle Slinde i dette meinigsinnlegget.

Meiningar: Det er nok av plassar på same storleik som oss som ingen veit om. Me må vera så attraktive for dei som les om Sogndal i bransjemagasin, på sosiale media eller ser Sogndal på fjernsynet, at me blir valt først av både turistar og jobbsøkarar. Dei som søker jobb i Sogndal, dei les ikkje jobbannonser i lokalavisa, dei får «push-varsel» på telefonen i lomma straks stillinga er lyst ut. Dette sidan Sogndal er attraktivt nok til at Sogndal blir ein del av søket!

Sogndal var ein plass med eit overpresterande fotballag, høgskule, Lerum, Olav Stedje og diverse Idol-artistar. Bygdi Sogndal var kjent som ein oskeladd eller ein kuriositet som fekk til noko. Høgskulen heitte på folkemunne «Distriktshøgskulen i Sogndal», og folk visste kvar Sogndal var. Studentar kom hit og nokre vart fastbuande. Våre eigne hadde og moglegheit til å ta utdanning «her heime», så dei flytta difor ikkje vekk. Sogndal vaks sakte men sikkert, der andre kommunar stagnerte eller hadde fråflytting. Det fungerte bra, men no er det ein heilt anna situasjon.

Sogndal har endra seg

Høgskulen heiter Høgskulen på Vestlandet, namnet Sogndal og Sogn er ikkje framtredande lenger. HISF er blitt HVL på alle plattformer. Når det står noko på nettet om HVL, kan det like godt handla om Stord eller Haugesund. Sogndal er blitt ei avdeling der identiteten er blir tona ned og Sogndal er langt på veg vekke.

Sogndal har endra seg og er no kjent som ein plass der du kan «fleksa» ein topptur før jobb, eller at studentar har fri tilgang på «snorkelføre». Det trekk folk både til arbeidsplassar og studieplassar. Kombinasjonen me har med høgskule, interessante arbeidsplassar og moderne aktivitetar som toppturar, terrengsykling og eit klatremiljø i nasjonal toppklasse, gjer at me har eit komplett tilbod som få, om nokon, kan slå oss på. Sosiale media er sprengt med #staonopow, #Sognapudder, og mange andre ting som gir oss merksemd og gjer oss ettertrakta.

Merkevara Sogndal

Då eg var på ski på Skriki i 1993, sa onkelen min at han trudde eg var den første lokale som var der sidan bestefar min var der og pussa våpen under krigen for femti år sidan. No kjem det flokkar med skientusiastar dit, og ingen av desse seier «saukjan, akjan og nikkjan». Ting som før var ein sensasjon, er no normalen, tilflyttarane vil ha fridomen me har. Berre sjå kva danskane som kjøpte det dyraste huset i Sogndal uttala: «– Me trur nesten ikkje det er sant av og til. At me på ein onsdag etter jobb set oss i bilen og berre minuttar etter kan me ta på oss skia. Det som me før brukte helgar og feriar på å oppleva, har me her rett utanfor stovedøra!»

Spesielt Sogndal Skisenter er særs synlege i media. For to år sidan starta dei sesongen før alle andre, med full dekning i alle NRK sine sendingar og plattformer. No i år vart skisenteret nok ein gong trekt fram som ein av hovudsakene i media, sidan dei var av dei som hadde lengst ope i heile Noreg. Sogndal Skisenter er i nasjonale media ganske ofte. (Heldigvis, og smart nok, heiter skisenteret no Sogndal Skisenter. Ingen andre enn oss sogningar kjenner til Hodlekve, det er eit sjakktrekk å få fram merkevara Sogndal.)

Surrealistisk

Men kanskje viktigast av alt er det at Sogndalsdalen er i bransjemagasin som eksempelvis Fri Flyt. Dette er eit magasin med nesten 55 000 dedikerte fylgjarar på Facebook. Dei har sak etter sak om «kvifor snøen i Sogndalsdalen kan samanliknast med Japansk pudder( #japow )», «korleis forstå sogning», dronefilmar, spesialreportasjar om SGN og mykje meir.

Eg likar å prate med tilflyttarane, og nokre av standarspørsmåla i lunsjpausen er «Kvifor Sogndal?» og «Kva visste du om Sogndal før du kom hit?» Svara inneheld nesten alltid ski, klatring eller sykkel (helst alle tre). Mange av desse er overkvalifiserte for stillingane sine. Kanskje er det slik at statusen ved å sjekke inn på Togga før jobb trumfar alt anna? Desse arbeidstakarane har valt Sogndal framføre andre stader. Dei utviklar Sogndal og dei etablerer seg med familiar her. At Sogndal skal vera ein attraktiv plass å etablera seg for folk med topputdanningar frå NTNU, var heilt surrealistisk. Den friluftspakken som no er opna, den viser seg å vera reine ungdomskjelda for Sogndal.

Til toppen