SMEKKFULLT: Oddgeir Øren utkledd som kinosjef Jens Sva på Strondi-kveld. Det var smekkfullt då sogelaget gjekk gjennom livet i Strondi etter krigen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SMEKKFULLT: Oddgeir Øren utkledd som kinosjef Jens Sva på Strondi-kveld. Det var smekkfullt då sogelaget gjekk gjennom livet i Strondi etter krigen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Stappfullt då sogelaget fortalte om livet i Strondi

Konferansesalen på Klingenberg Hotell var fylt til randen då sogelaget tok føre seg livet i Strondi etter krigen.

Årdalstangen: – Eg synest det går veldig bra, og det verkar som folk er nøgde. Dei klappar til og med, smiler Jonny Asperheim. 

Det er pause i programmet, og dei ligg bittelitt etter skjema. Arrangøren har verkeleg gjort jobben sin og levert eit program smekkfullt i gode historiar om livet i Strondi. 

Sist dei arrangerte slik kveld i februar, var det 200 personar inne. Arrangementet var svært populært, og hadde det ikkje vore for at sogelaget bestemte seg for å dela det opp i to kveldar denne gongen, hadde det garantert vore 200 denne gongen også. 

ÅRDALSONGEN: Ivar Seim, Jonny Asperheim og Sverre Natvik spelar Årdalsongen.
ÅRDALSONGEN: Ivar Seim, Jonny Asperheim og Sverre Natvik spelar Årdalsongen.

Fortalte om livet

I staden var 100 personar samla fredag kveld for å lytta til korleis det var å leva på Årdalstangen like etter krigen. Blant dei som fortalte var Torgeir Jevnaker og Sverre Natvik, som var innflyttarar den gongen frå Vikadalen og Seimsdalen. Og den gongen var dei innflyttarar sidan det ikkje eksisterte veg. Jevnaker kom til Årdal i 1945, medan Natvik kom to år seinare.

– Me er med som informantar og fordi me har interesse av dette. Me prøver å samanlikna det samfunnet me kom til mot der me budde. Eg nemnde blant anna at damene sa det var som å koma til himmelen på Årdalstangen fordi her var det vatn, lys og oppvarming, fortel Natvik.

– Det var ikkje slikt der me kom frå. Der henta me vatn i elva, hadde parafinlampe og vaska kleda ved elva. Så eg skjønar at mor mi sa dette, og det var ho ikkje åleien om, seier han vidare.

MYKJE ARBEID: Jonny Asperheim fortel at det ligg mykje arbeid bak ein slik historisk kveld.
MYKJE ARBEID: Jonny Asperheim fortel at det ligg mykje arbeid bak ein slik historisk kveld.

Mykje arbeid ligg bak

Natvik drar fram arbeidet til Asperheim, som har gjort mesteparten av arbeidet bak desse kveldane og snakkar på vegne av han då spørsmålet om det ligg mykje arbeid bak dette kjem.

– Eg synest det er fantastisk. Me supplerer berre fordi me høyrer til den eldre garde. Det er Jonny som har bygd opp systemet, og me har backa han med med bilete og historiar, seier Natvik, som meiner kona Karin skal ha ros for tolmodet ho har vist med Asperheim også.

– Det er klart ein klarar ikkje dette åleine. Det er mange som har vore med, spesielt desse to karane som har teke føre seg vart sitt område. Torgeir vaks opp på Tippen, medan Sverre vaks opp i Saltviki. Me har med oss folk som har opplevd dette sjølve, og det er dei viktigaste kjeldene, seier Asperheim, som vedgår at det har blitt lange dagar framføre datamaskina.

– Eg hadde ikkje gjort dette om det ikkje var fordi det var så morosamt, og så er det nokon som har måtta vera tomodige i heimen då, smiler han lurt.

SONG: Innimellom historiane, og der det passa seg, var det allsong.
SONG: Innimellom historiane, og der det passa seg, var det allsong.

Bidrog med historiar

Det var fleire som bidrog med historiar i det drøye tre timar lange programmet. Her fortalte dei om brakkelivet, bassenget som kom i 1955, om arbeidet og kvardagslivet. Supplert med drøssevis av bilete og allsong, vart folk garantert sendt tilbake til denne tida.

Denne gongen gjekk dei gjennom åra frå krigen og fram til litt utover 60-talet. Om to veker skal tilsvarande kveld finne stad, og dersom det er interesse for det, vurderer dei å setje opp eit arrangement etter nyttår. 

Eit stort ønske frå folk

Asperheim fortel at det har vore eit voldsomt trykk frå publikum som ønskte få dette i stand og at det er årsaka til at ein lagde desse kveldane. Men så blir det pause.

– Me har ikkje planar om fleire kveldar som tek føre seg tida etter dette. Eg skal iallfall ha eit sabbatsår no, smiler Asperheim. 

Artikkelen held fram under biletet.

SONG MED: Publikum hadde fått utdelt hefter med songtekstar i og song med på songar som «Das Ganze Jahr Lang», «Høyt over fjellet har jeg min vei» og «Frøken Johansen og jeg» for å nemna nokre.
SONG MED: Publikum hadde fått utdelt hefter med songtekstar i og song med på songar som «Das Ganze Jahr Lang», «Høyt over fjellet har jeg min vei» og «Frøken Johansen og jeg» for å nemna nokre.

– No er jo me litt oppe i åra, så me håpar det kjem generasjonar etter oss som er interessert. Det er jo deira generasjon som var unge på den tida, og då kan me støtta dei med informasjon. Me kjenner vår besøkelsestid.

Får ein ikkje med seg nokon av kveldane, er det snakk om å gje ut ei bok om temaet fordi det finst så mykje informasjon at dersom ein skulle tatt føre seg alt, ville kveldane vart i fem timar i staden, seier Asperheim. Uansett er det ein ny sjanse 11. november, men då må ein håpe at nokon melder forfall, for denne kvelden er også smekkfull.

Til toppen