VIKTIG: – Jobben ekspertutvalet skal gjere blir svært viktig, seier fylkesordførar Jenny Følling.
VIKTIG: – Jobben ekspertutvalet skal gjere blir svært viktig, seier fylkesordførar Jenny Følling.

– Står framleis att mykje for at dei nye fylkeskommunane skal bli sterke nok

– Det er ulike syn på dette. Nokre fryktar nok at fylket skal bli tappa for oppgåver, medan andre trur ei samanslåing med Hordaland vil gje ei positiv utvikling for Sogn og Fjordane, seier fylkesordførar Jenny Følling

Med 96 mot 73 røyster vedtok Stortinget i går å slå saman fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland. Fylkesordføraren registrerer at det er delte meiningar om vedtaket.

Les også: Kommune- og regionreforma vedtekne i Stortinget

– Det er ulike syn på dette. Nokre fryktar nok at fylket skal bli tappa for oppgåver, medan andre trur ei samanslåing med Hordaland vil gje ei positiv utvikling for Sogn og Fjordane. Eg trur det viktigaste no er korleis vi sjølve grip tak i dette, kva alliansar vi har, og kva nettverk vi byggjer. Vi må kjempe Sogn og Fjordane si sak, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding.

Fylkestinga i både Sogn og Fjordane og Hordalane vedtok intensjonsplanen for samanslåing i februar i år. Planen seier noko om korleis dei to fylka vil fordeler oppgåver mellom seg, og set også tydelege vilkår til Stortinget om t.d. overføring av nye oppgåver til det regionale folkevalde nivået.

Nye oppgåver til fylkeskommunane

I vedtaket Stortinget gjorde 8. juni vart det klart at Stortinget overfører regional vegadministrasjon med ansvar for planlegging og drift av fylkesvegane frå Statens vegvesen til regionalt folkevalt nivå. Stortinget endrar vidare ansvarsfordelinga mellom Regionale forskingsfond (RFF) og Forskingsrådet, slik at avgjersler rundt all prosjektstøtte vert teken på fylkeskommunalt nivå.

Større oppgåver knytte til regional næringsutvikling vert overførte frå Innovasjon Noreg til dei nye fylkeskommunane. Det skal i tillegg utarbeidast ein konkret plan for kva oppgåver som kan overførast frå IMDi (integrerings- og mangfaldsdirektoratet) til nye fylkeskommunar frå 2020. Det er også bestemt at tannhelsetenesta framleis skal liggje til fylkeskommunane.

Må arbeide vidare for interessene våre

Fylkesordføraren er glad for at viktige punkt i intensjonsplanen er oppfylte, men poengterer at dei nye regionane må få endå fleire oppgåver. Det skal no setjast ned eit ekspertutval som skal jobbe vidare med dette.

– Jobben ekspertutvalet skal gjere blir svært viktig. Det står framleis att mykje for at dei nye fylkeskommunane skal bli sterke nok. Vi må arbeide vidare for å sikre interessene våre, seier Følling.

Dei nye fylkeskommunegrensene skal gjelde frå 1. januar 2020.

Til toppen