SAMLA: Det politiske landskapet i Årdal er heilt klare på at dei skal gjere sitt for å hindre at fylkesveg 53 Tyin-Årdal vert nattestengt om vinteren. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SAMLA: Det politiske landskapet i Årdal er heilt klare på at dei skal gjere sitt for å hindre at fylkesveg 53 Tyin-Årdal vert nattestengt om vinteren. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Står samla for å hindre nattestenging av fylkesveg​

– Ei nattetstenging vil vera det same som å isolera oss her i Årdal. 

Årdal: Det er klar tale for samtlege parti i Årdal om at fylkesveg 53 må forbli open, slik han er i dag. Fjellovergangen står no i fare for å bli nattestengt på vinterstid som ein del av innsparingane fylkeskommunen må gjera dei komande åra.

– Det vil vera veldig kritisk for Årdal. Ei nattestenging vil vera det same som å isolera oss her i Årdal. Me kan jo tenkja oss framhaldet dersom ein byrjar med det, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

HAKESLEPP: Hilmar Høl (Ap) fortalte at han nesten fekk hakeslepp då han først fann ut om planane. Arkiv
HAKESLEPP: Hilmar Høl (Ap) fortalte at han nesten fekk hakeslepp då han først fann ut om planane. Arkiv

Etter endringane i inntektsystemet blei klare, må Sogn og Fjordane fylkeskommune kutte 240 millionar kroner dei neste åra. 40 av desse millionane ligg på samferdsle, og no er alt under lupen.

– Sjølv om det har vore store kutt i to år, er det no det byrjar å smerta. Behovet for tapskompensasjonar er ikkje meir naudsynt enn no, legg fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, til og såg på Venstre- og Høgre-kandidatane.

– Kutta har store konsekvens for fylket og mange kommunar, men for Årdal sin del er dette prekært og ein trussel. Me har sloss om dette før. Då gjekk det bra.

Må kjempe saman

Dei to understrekar at alle parti no må gjere sitt for å påverke inn mot sine eigne i fylkespartiat, noko samtlege lovar at dei vil gjere.

– Dette er utruleg viktig for Årdal. Senterpartiet skal gjera det me kan for å behalde vegen. Ein kan jo lure på om dei kjenner til korleis vêret kan herje her oppe, så då er spørsmålet om dei i det heile kjem til opne att om morgonen dersom vegen først vert stengt, seier Erling Offerdal (Sp).

– Konsekvensane er ufatteleg store, og eg vil oppfordra bedriftene våre til å støtte opp om dette, slik at me alle står samla. 

Artikkelen held fram under biletet.

VIKTIG VEG: Fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal er ein viktig veg for næringslivet i kommunen og berre ein av to innfartsvegar på vinteren. Arkiv
VIKTIG VEG: Fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal er ein viktig veg for næringslivet i kommunen og berre ein av to innfartsvegar på vinteren. Arkiv

Beredskapskonsekvensar

Også frå Venstre og Høgre kom det klare signal om at dei ville gjere sitt for å halde vegen open.

– Eg snakkar med Distad (Noralv leiar i samferdsleutvalet journ. anm.) ofte, så Høgre skal gjere sitt. Elles ser eg i uttalen at det er eit ønske om å vurdere kost-nytte, men eg meiner også at det burde vere med ein ROS-analyse av konsekvensane av dette, legg Klingenberg til, noko han fekk gehøyr for. 

Allereie neste veke skal samferdsleutvalet ha saka oppe til handsaming, og då vil ein få viktige signal, men ingenting vil bli avgjort med det første.

– Dette gjeld frå 2019, så me har tid til å jobba med dette, men det er viktig å få dette avklart raskt, avsluttar Høl. 

Til toppen