HOL PÅ BYLLEN: Henrik Furebotn scora etter berre sju minutt med eit skot frå tjuefem meter. Start utlikna like før slutt. Foto: arkiv.
HOL PÅ BYLLEN: Henrik Furebotn scora etter berre sju minutt med eit skot frå tjuefem meter. Start utlikna like før slutt. Foto: arkiv.

Start slo tilbake då Henrik Furebotn opna målkontoen​

Årdølen var nær ved å bli matchvinnar med sitt første mål etter returen frå Bodø/Glimt. Men i nokre dramatiske sluttminutt greidde heimelaget Start å utlikne.

Start - Sogndal: 0-1. 

Sogndal kom til Kristiansand for å reise seg etter to strake tap. Eitt mot Rosenborg, det beste heimelaget i serien (10-0-0). Og eitt mot Viking, det nest beste bortelaget (6-1-3).

På motsett banehalvdel stod Start. Det svakaste laget, uansett korleis du snur og vender på statistikken. Ingen på Sørlandet kan hugse sist laget vann ein kamp. Dei som sit på historiepermane seier det skal ha skjedd ein gong for fjorten månader sidan.

Det byrja bra for Bakke & Co. Med si tredje scoring for sesongen, den første etter overgangen frå Bodø/Glimt, sende Henrik Furebotn Sogndal i føringa etter sju minutt.

Etter 19 minutt var Sogndal uendeleg nære å doble leiinga. Eit friskpark frå Gilbert Koomson traff Ole Amund Sveen. Headinga gjekk forbi ein utspelt Håkon Opdal. Berre stanga hindra scoring.

Halvtimen var passert då Martin Ramsland òg fekk sjansen med hovudet. Denne gongen var Opdal med på notane.

Sogndal var best ein god halvtime. Men mot slutten av omgangen vart dei pressa bakover. Særleg var Start aktive på venstrekanten, der dei fekk komme til fleire innlegg. Knappe minuttet før pause kunne det fort ha gitt uttelling. Berre ei god tackling av Jukka Raitala, eventuelt ein feil frå dommaren som ikkje blåste straffe, hindra at det vart noko av.

I pausen måtte både Taijo Teniste og Ole Amund Sveen gå ut med skade. Inn kom Magnus Pedersen og Kristian Fardal Opseth. Sistnemnde burde nok ha scora kvarteret ut i omgangen. Etter ei kontring vart kaupingen spelt fri til høgre i boksen. Men skotet gjekk rett på keeper.

Start verka langt frå ufarlege og ei mager 1-0 leiing gjorde det vanskeleg å styre pulsen for alle med hjarte for Sogndal.

Fem minutt før slutt stod Hannu Patronen og Dennis Agyare Antwi for dramatikken då dei skalla stygt ihop. TV-bileta var alt anna enn hyggjelege: Patronen måtte ta telling medan blodet strøymde frå panna. Antwi segna om og måtte like etter forlate bana.

Minuttet før full tid eksploderte det på Sør Arena. Innbytar Lars-Jørgen Salvesen fekk plutseleg ballen i boksen og styrte den i hjørnet på direkten. Med fire tillagte minutt byrja heimepublikummet å tru på tre mirakuløse poeng.

Men det var Hannu Patronen og Sogndal som kom nærast alle tre poenga. I sluttsekunda fekk jarnfinnen hovudet på ballen frå knappe meteren. Men Håkon Opdal fekk stoppa forsøket med sideflesket. Dermed måtte Sogndal gå skuffa av bana, etter ein kamp dei nok burde ha vunne.

Til toppen