Byrknesøy: – Då eg byrja på norskkurs, var det vanskeleg i starten fordi eg ikkje kunne noko engelsk heller. Eg bestemte meg for å starte målarfirma før eg var ferdig med introkurset, for å kjøpe meg tid. Men eg vaska også på Dalsøyra skule to dagar i veka. Eg tok to skift for dagen, eitt med vasking og eitt med måling, fortel Ahmad J. Sino.

Starta eige målarfirma då han kom til Gulen som flyktning: – Eg bestemmer sjølv når og korleis eg lukkast
Ahmad J. Sino visste alltid at han ville jobbe for seg sjølv då han kom til Noreg frå Syria som flyktning. Han ser fleire fordelar med å ha komme til ein liten stad som Byrknesøy, der han bur saman med familien.