Starta feiringa med 150 elevar på scena

I heile vår skal musikk- og kulturskulen feira seg sjølve med fleire konsertar og framsyningar. Startskotet var to konsertar med bandet Good Time Charlie og ikkje mindre enn 150 elevar på scena.

Årdal: – Når me har bursdag så inviterer me gjester. Og Good Time Charlie er gjestene våre. I tillegg må me invitera alle som er med, så me har også invitert alle i musikkskulen på opplegget, seier rektor for musikk- og kulturskulen, Sigyn Øren.

Måndag var det duka for to konsertar med rythm- & bluesbandet Good Time Charlie der elevar frå musikkskulen sette sitt preg på begge framsyningane.

Les også: Feirer kulturskulen med å sjå framover

Midt på dagen gjekk ein konsert for barnehageborna i Årdal av stabelen, der barnekoret «Kuda Mudra» sette sitt preg på framsyninga:

– Når det er bursdag skal ein også gje gåve, så barnehagane har fått mange timar i kulturskulen denne våren der me lærarane har laga eit opplegg for dei med Good Time Charlie som tema. Så har me også gitt denne konserten i gåve, seier Øren.

Så vidt plass

Og på kvelden var det klart for sjølve jubileumskonserten med heile 150 elevar på scena samstundes på det meste – og fullsett sal i kulturhuset i Øvre Årdal. 

– Nesten alle i kulturskulen har takka ja til invitasjonen me sendte ut, og når ein skal fordela dette på ni låtar er det jo enormt med ungar på scena under konserten no i kveld, seier Øren vidare.

Dei fire musikarane i Good Time Charlie tykkjer dette berre er stas, fortel Øren:

– Det er så vidt plass, og det er det som er så greitt med Good Time Charlie; dei berre skryt og tykkjer det er så moro. Det gjer ikkje noko for dei at dei kjem litt i bakgrunnen i høve alle ungane. Og dei er jo så flinke med ungar. 

– Gøy, intenst og bra

Frontfigur i Good Time Charlie, Arle Hjelmeland, fortel dei er vande til å koma i mindretal på scena.

– Me har hatt 250 ungar på ei scene ei gong, men det var ute. Inne har me ei gong tidlegare hatt noko lunde tilsvarande opplegg. Det er veldig artig at vår musikk kan brukast til sånne arrangement, pluss at det treff både store og små. Svært inspirerande.

Vidare skryt han av organiseringa av dei to konsertane dei har halde i Årdal måndag:

– Det er veldig bra opplegg; svært velorganisert og alle veit kva dei skal gjera og kvar dei skal vera. 

Konsertane måndag var dei siste i ei rekkje på fem Good Time Charlie har halde i Årdal og Lærdal denne utvida helga.

Les også: Frå opningsfest på pub til barnehagekonsert

Det starta med konsert under opninga av Lærdalsøren Hotell fredag kveld, så var det familiekonsert med elevar frå musikkskulen i Lærdal laurdag ettermiddag og kveldskonsert på Strondi på Klingenberg Hotell.

– Veldig gøy. Instenst og bra. Folk er veldig glade i musikk her inne. Folk tek seg litt ut og det er god respons frå ungane, seier Hjelmeland.

Meir i venta på førsommaren

Når det gjeld førtiårsfeiringa til musikk- og kulturskulen i Årdal kjem det altså fleire arrangement ut mot førsommaren:

– Dette er første ledd i feiringa; det kjem ein konsert i juni også, og då blir det meir kvaliteten som blir presentert med utvalde innslag. Historikken og den biten tek me då – ein konsert for litt eldre og vidarekomne elevar, seier kulturskulerektoren. 

Kunstelevar i kulturskulen var representerte med ein installasjon i form av eit kunstnerisk uforma 40-tal i bakgrunnen under konsertane måndag.

– Men dei skal også ha eit landart-prosjekt ("Kunst i natur"; handlar om å bruka det ein finn ute i naturen til å skapa kunst, journ. anm.) no på våren. Så har me Årdal Danseverkstad som har ei stor framsyning i juni.  Totalt tenkjer me at me har fokusert både på notidas og framtidas kulturskuleelevar med det opplegget me har lagt opp til, avsluttar Øren.

Til toppen