GARDSBUTIKK: Han starta butikken i 1988, no er Jens Barsnes største Stihl-forhandlar i fylket.
GARDSBUTIKK: Han starta butikken i 1988, no er Jens Barsnes største Stihl-forhandlar i fylket. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Starta i garasjen, no er han størst i fylket

På Barsnes i Sogndal, over tre kilometer frå sentrum og over to frå riksvegen, ligg ei lita og vekkgøymd suksesshistorie.

Sogndal: Stihl-butikken er ei kjede med over 125 forhandlarar over heile landet. På det nylege årsmøtet fekk Jens Barnes frå Sogndal seg ei skikkeleg overrasking under middagen.

Då den største forhandlaren i Sogn og Fjordane skulle kunngjerast var det nemleg han sjølv som måtte opp og ta imot plaketten.

SYNLEG BEVIS: Her er plaketten som viser at Jens Barsnes hadde størst omsetnad i fylket.
SYNLEG BEVIS: Her er plaketten som viser at Jens Barsnes hadde størst omsetnad i fylket.

– Eg hadde ikkje rekna med det, vedgår Barsnes.

Har størst omsetning, men veit ikkje kor stor

Når folk har vunne noko er det vanleg for journalistar å spørre «kor mykje betyr det for deg?», eller liknande. Då håpar vi gjerne at dei leverer. Jens Barsnes er ikkje den som tek av i utide. 

– Det er greit å vera størst i fylket, men eg veit ikkje om det betyr så mykje, seier han.

Det som betyr noko er om kundane er nøgde. Det blir klart når vi spør om omsetninga i 2016, som trass alt var det som gjorde han fortent til nemninga «størst i fylket». Den hugsar han ikkje.

– Eg tenkjer aldri på det. Å tilfredstilla kundane er det viktigaste, seier Barsnes.

Slik forklarer han suksessen

Han starta i 1988, det året han nett hadde sett opp garasjebygget på garden. Butikken, som i seg sjølv ligg utanfor allfarveg, vart til i eit lite hjørne.

– Eg kjøpte inn motorsager og verneklede for tjuefem tusen kroner og tykte det var mykje. Så du kan seia at eg har starta i det små og jobba meg oppover, seier Barsnes. 

Måten han kom i gang på var heller tilfeldig. Barsnes såg ei annose i lokalavisa: Stihl søkte etter forhandlarar. Han sende avgarde ein søknad. I dag har han kundar frå heile Sogn, frå fremst i Fortunsdalen til ytst i Høyanger.

Suksessen sidan har han èi forklaring på:

– Eg prøver å yte god service. Det er dèt som ligg bak, seier Barsnes.

Til toppen