Aurland: Mannen, som er i 70-åra, gjekk seg vill. Det føregjekk leiteaksjon i fjellområda aust for Østerbø Fjellstove, meldte Vest politidistrikt.
Politiet hadde kontakt med mannen på telefon. Han var uskadd, men visste ikkje kvar han var. Mannskap frå politiet og frivillige sette i gang leiting.
Klokka 13:08 meldte Hovudredningssentralen at redningshelikopter bistår i uthentinga av personen.
Omlag klokka 13:30 meldte politiet at mannen er lokalisert. Ein Porten.no-tipsar informerer at Røde Kors Aurland fann mannen.
Vidare opplyser politiet at redningsmannskap heisa seg ned til mannen, som blei teke med til sjukehus for kontroll.