Sogndal: Årets tema på konferansen er den nye klimapolitikken.
– Med dette meiner me to ting. For det første at me må jobba for å bli kvitt klimautsleppa, jobba mot netto nullutslepp, ikkje berre redusera utsleppa. For det andre må me kobla saman det å redusera utsleppa med å tilpassa seg klimaendringane, seier Carlo Aall ein av dei som har det faglege hovudansvaret under konferansen.
Samarbeid
Klimakonferansen i Sogndal er eit samarbeid mellom fylkesmannen, fylkeskommunen, vegvesenet, NVE, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforskning.
– Alle desse jobba i lag for å sette Sogn og Fjordane på kartet som eit sentralt miljø med kunnskap om korleis samfunnet skal omstilla seg til å bli eit nullutsleppsamfunn og tåle klimaomstillinga.
Over desse tre dagane klarer dei å samla litt over 100 personar. Noko som Aall meiner er ganske unikt.
Konferansen påverkar
Den første dagen var det tid for mingling på høgskulen og ein ekskursjon i Sogndal. Her var det fokus både på rasfare og korleis Sogndal skal bli mest mogleg bilfri og legga betre til rette for syklistar og fotgjengarar.

– Den andre dagen skal handla om klimatilpasning og den tredje dagen om å bli kvitt utsleppa. Her blir det fleire konferaansar med forskjellige tema, seier Aall.
Det store målet å auka motivasjonen til å angripa dei verkelege store spørsmåla: Korleis faktisk bli kvitt alle utsleppa og korleis omstille samfunnet til å tåla klimaendringane som kjem, sjølv om me likevel blir kvitt utsleppa.
– Me ser at ein slik konferanse påverkar. Å jobba med klima er eit arbeid som krev mykje ny kunnskap. Det er ikkje berre å slå opp i ei handbok når ein skal gjera dette her. Kunnskapen blir spreidd og oppstår delvis når folk samlast på konferansar som dette, seier Aall.