Leikanger: – Det var etter Røldal Freeride Challenge i vår at eg ringte Sverre og sa at me må laga ein podcast om frikøyringsmiljøet. Her er det så mange gode historier som andre må få høyra, fortel Jo Marius Bøyum frå Fjærland.

Starta podcast med historier frå varmestovene
Jo Marius Bøyum såg at det var for mange gode historier kun blei fortalt i frikøyringsmiljøet. No har han og kameraten Sverre Berg Enitch starta ein podcast for å dela desse med eit større publikum.