Sogndal: Studentfestivalen føregår i saftbygda 9.-19. mars. I løpet av desse dagane kan du oppleve konsertar, stand-up, revyar og fleire andre dagaktivitetar.
VEKA-sjef Ingvil Loftesnes Kvåle seier til Porten.no at snøvêret helt på å stogge opninga.
– Gatekunstnaren Peace Tu kom med fly frå Oslo, og skulle dekorere ein vegg på Trudvang skule med femteklassen. Det tunge snøvêret gjorde at flyet vart forseinka med ein time, seier ho.
Få billettar igjen
Kvåle seier det er mellom fem og sju tusen som vitjar VEKAO i perioden. Ho seier dei fleste er studentar i Sogndal, men at nokre kjem også utanfrå.
– Publikum som ynskjer få meg seg konsert bør kjøpe billett på Internett for å vere trygg, avsluttar ho.