Startar arbeidet med Bermålstunnelen til hausten

Startar arbeidet med Bermålstunnelen til hausten

Mest truleg vil arbeidet bli utført på kvelds- og nattestid.

I fleire år har Bermålstunnelen vore utan lys i tillegg til andre manglar ved tunnelen, men til hausten startar arbeidet med å rehabilitere den 1639 meter lange tunnelen.

Det byr på fleire utfordringar, som vil ha konsekvensar for blant anna næringsliv og beredskap i første rekke. Fredag inviterte Statens vegvesen til informasjonsmøte, der fortalte om arbeidet som skal gjerast og tok imot innspel frå representantar frå næringslivet og kommunen.

Under møtet informerte Vegvesenet om at arbeidet kjem til å starte opp til hausten, men ville ikkje seia noko om når før konkurransegrunnlaget er klart neste månad. 

Må ha langstenging

Det som verkar meir sikkert, og som blei mykje diskutert, er når på døgnet arbeidet skal føregå. 

– Ut frå dei signala me har fått, landar me på arbeid om kvelden og natta, seier Margot Aasebø i Statens vegvesen. 

Ho fortel at arbeidet som skal gjerast er mykje likt det som blei gjort i Midnestunnelen. Det betyr blant anna sprenging midt i tunnelen, som vil føra til ventetider på opp mot tre timar. 

Bekymra for beredskap

INNSPEL: Nils Solheim og Rigmor Svanberg kom begge med innspel til korleis vegstenginga best kan løysast.
INNSPEL: Nils Solheim og Rigmor Svanberg kom begge med innspel til korleis vegstenginga best kan løysast.

Det er mange omsyn ein må ta før ein set i gong med eit slikt prosjekt både når det gjeld næringsliv, men kanskje aller mest beredskap. Etter som Årdal no har felles legevaktsentral i Lærdal etter 15.30 om dagane, vil arbeid om kvelden få konsekvensar for dette. Det bekymrar kommunalsjef i Årdal kommune, Rigmor Svanberg.

– Det som bekymrar meg er at viss det er stengt i tre timar i tunnelen og Tyin er stengt i tillegg, så er me isolerte. Når det gjeld akutthjelp med tanke på sjukehus og innlegging, så har me helikopter, seier ho. 

– Då må me ha ein beredskapsplan i kommunen i ein slik periode. Me har erfaring frå dette.

Eit alternativ som dukka opp var å ha mellombels legevakt i Årdal i denne perioden, men det ville Svanberg ikkje kommentera ytterlegare og ser på det som lite aktuelt. 

Fordelar og ulemper

Men også Vegvesenet har omsyn å ta. Dei har vegd opp fordelane og ulempene ved stenging på dei ulike tidspunkta av døgnet. 

– Den største utfordringa går på trafikken og at det ikkje er reelle omkøyringar. Via Tyin er så langt at det ikkje er eit reellt alternativ, og når ein skal ha langstengning på dagen, rammar ein så mykje med kollektivtrafikk og næringsliv, så me ser det som mest teneleg å jobba kveld og natt, seier Thorleiv Hurthi. 

– Men då ser me at me får ei utfordring med tilgang til legevakt i Lærdal. Dette er ein dialog me har starta med kommunen om korleis me skal løysa det. Og så er det klart at arbeidsmiljølova regulerer korleis ein skal jobba, og ho seier ganske klart at nattarbeid ikkje er lov i Noreg, og då må ein ha dispensjasjon, legg han til.

Totaltvurdering

I tillegg vil arbeid på kvelds- og nattestid føre til større kostnader for fylkeskommunen, som allereie har eit stramt nok vegbudsjett frå før av. 

Nils Solheim i Nettbuss var ein av representantane frå næringslivet som var tilstades på møtet. Han meiner alternativet med arbeid om natta er det beste.

– Me må ha forståing for at dei har ein jobb å gjera. Alternativet med natt er til å leva med for næringslivet, men eg ser jo utfordringa som kommunen har me legevakt, så det er ei totalvurdering som må takast med her, seier han.

Påliteleg

Både Solheim og Svanberg trur dette likevel skal kunna løyast på ein god måte dersom Vegvesenet er flinke til å informere.

– Viss opningstidene er som dei var under arbeidet i Midnestunnelen, trur eg me skal få det til. Det er veldig viktig at det er påliteleg og at me kan planleggja ut frå tidene, seier Svanberg,

– Det er viktig at tidene og det som kjem av informasjon er forutsigbart, at det ikkje kjem uføresette stengingar inn i bilete. Me som busselskap hadde ingenting å klaga på då dei arbeidde i Midnestunnelen, men eg har forståing for at dei andre trafikantane i periodar der det ikkje var noko arbeid, eller iallfall såg slik ut, at dei blei frustrerte, legg Solheim til.

Det er kritikk Aasebø i Vegvesenet kallar berettiga og seier dei kjem til å ta med seg inn i dette prosjektet for å sørge for best mogleg avvikling av trafikken. 

Til toppen