Årdal: Dette tyder at det framover vil bli stengetider tilsvarande det som har vore tidlegare i år.
Måndag til fredag vil det vera stengingar på inntil to timar på dagtid mellom klokka 7 og klokka 19. Opningstidene er tilpassa bussrutene i området.
Det vert opna for trafikk med fem minutt forseinking frå den eine sida, slik at ein kø køyrer gjennom anleggsområdet i gangen.
Det er Flage Maskin AS som har fått i oppdrag å byggja ny tunnel og veg i Ljoteli. Tunnelen skal bli 1100 meter lang, og i tillegg skal det byggjast om lag 1200 meter veg i dagen. 600 meter veg skal byggjast på Holsbru og resten inn mot kvar ende av den nye tunnelen.
- Les òg: Stenger fylkesveg - startar opp vegarbeid
- Les òg: Busspassasjer uroa for møtesituasjonar på Tyinvegen: – Me stod heilt fast
Slik blir stengetidene
- 07.00-09.00
- 09.30-11.30
- 11.45-13.15
- 13.30-15.30
- 16.00-17.00
- 17.30-19.00
Nokre dagar kan kan det hende at vegen bli open heile dagen, dersom arbeidet ikkje krev stenging, melder Vegvesenet. Dei oppmodar folk til å følgja med på vegvesen.no eller å ringa 175.